Jordmassar frå problem til ressurs

- Ta vare på matjorda!

Korleis nytta massar frå utbygging som ressurs for landbruk og samfunn på ein god måte for innbyggjarar og miljø?

Bakgrunn for prosjektet er store utbyggingar til næring og bustadutbygging i Nordhordland som gjev mykje overskot av jord- og steinmassar som må handterast. Framover er Marius F. Knudsen.jpgdet forventa fleire utfordringar knytt til utbygging i Mongstad-området og sørover. Kommunane har hatt ulike tilnærmingar for å løyse problemstillingare kring overskotsmassar, og det manglar ein felles forvaltningspraksis for å handsame dette på ein samfunnsgagnleg måte. For å finne felles løysingar ble det i 2015 satt i gang eit hovudprosjekt.

Hovudprosjektet har som mål å forbetre utnyttelsen av massar frå utbygging som ressurs til nytte for matproduksjon/landbruk og samfunn på ein måte som førebygg konfliktar med innbyggarane og miljøet. For å nå dette målet, har prosjektgruppa tatt utgangspunkt i to strategiar:

  • Erfaringsbasert rettleiarForsidebilde.png
    På bakgrunn av eksisterande kunnskap og utfordringar framover; er det eit mål å utarbeide ein rettleiar for massehandtering i regionen knytt til offentleg rettsleg handsaming. Prosjektgruppa er no stolte av å presentere rettleiaren: 
             «Jordmassar frå problem til ressurs – ta vare på matjorda». 
    Dette er ein erfaringsbasert rettleiar for offentleg forvaltning, og  byggjer på innspel frå ulike fagfelt i Nordhordlandsregionen, frå fylkeskommunen og  fylkesmannen, og dei lovverk og føresegner som ligg til grunn i offentleg forvaltning. Prosjektgruppa håper rettleiaren fell i «god jord» hos forvaltning  og at ein som sakshandsamer finn god hjelp og støtte i den! Les meir om denne her!
     
  • Kurs og seminar
    Kompetanseoppbygging gjennom kurs for grunneigarar og entreprenørar og seminar for forvaltninga. Torsdag 3. mars 2016 vart det arrangert kurs for bønder og entreprenørar i Nordhordland. Seminar for forvaltinga i Nordhordland og Bergen vart arrangert tysdag 28. september 2016 på Lyngheisenteret i Lindås kommune. Les meir om desse her!

 

Prosjektleiar/kontaktperson: Tonje Husum Aarland - tlf.: 92 85 84 13 - tonje@nordhordland.net

Sjå vår eiga trailer til prosjektarbeidet her:​ Film.mov

Tips ein ven Skriv ut