Ullveka 2016 for store og små!

Frå 21. til 30. oktober kan ein delta på årets kanskje varmaste veke; Ullveka`16

barn strikkeloft klippet.jpg
For tredje år på rad vert Ullveka arrangert, som er eit stort samarbeidsprosjekt med mange aktørar. Anne Merete Solbakken, som jobbar på Hillesvåg Ullvarefabrikk, er prosjektkoordinator og presseansvarleg for Ullveka`16. Ho fortel om eit stort og variert program med kjente namn innan strikkemiljøet. – Vi gleder oss veldig til årets arrangement, som byr på eit flott program for store og små. Ullveka er i utgangspunktet ein paraply for fleire ulike arrangement som alle har ull i fokus. Vi har eit eiga styre for dette, og Hillesvåg Ullvarefabrikk har koordinator- og marknadsføringsjobben og skal «samle alle trådane», fortel Anne Merete. Ho viser fram årets programhefte, som no også har vore ein runde i trykken. – I år er første året vi har eiga opptrykka programhefte!
 

Fannemor sundbø spelsau.pngrå Shetland og Oslo til Nordhordland

Det finst fleire store, internasjonale arrangement som har ull som tema; mellom anna Shetland Woolweek som har vore arrangert i fleire år på Shetland. I Oslo har det tidlegare vore arrangert Ull-uken, som no har gått over til å vere Ulldagen som i år vert arrangert 17. oktober.  – Karin Flatøy Svarstad, som har lang erfaring med ull, tok med seg inspirasjon frå ulike arrangement som desse og planta ideen om å arrangere ei festveke med ull i fokus også her i Nordhordland. Kvifor skulle ikkje vi ha dette på Vestlandet, som både har sauene, ulla og så mange engasjerte og flinke folk, ler Anne Merete og fortel at første året vart ein suksess som gjekk over all forventing. Då var ein i gong, og målet vart satt; ULLVEKA skal vere eit årleg arrangement der vi feirar ulla, skapar med ulla og er kreative med ulla!


Storby i ullfine hus.jpg

I fjor prøvde dei noko nytt; alle skular i regionen vart invitert til å tove bygningar og figurar til ei eiga utstilling. Dei som ville vere med fekk kreative gåvepakkar med ull, slik at barna fekk prøve seg på nålefilt og toving. I år er ca. 1500 barn med på Ullbyen som vert satt opp midt på sentertorget i Knarvik senter. – Barna har laga heilt fantastiske fine og kreative ting av ull som vi gleder oss til å vise fram, fortel Solbakken stolt og ymtar om flotte kreasjonar i særklasse. – Det er utroleg kor mykje gøyale ting dei kan lage! Ullbyen vert offisielt opna fredag rett etter opninga av Ullveka, men er ein i Knarvik senter neste veke kan ein få glimt av bygginga. – Det tek nokre dagar å setje opp alt og vi håper at det vert ein glede for store og små å sjå sine eigne handlaga produkt i utstillinga. Utstillinga blir å sjå i Knarvik senter fram til 11. november.


Verdsmeister i hurtigstrikk og moteshowHazel-Tindall-from-Aith-i-010.jpg

Årets program byr på ein rekke kjende namn innan miljøet, og på sjølve opninga av Ullveka kjem mellom anna Hazel Tindall som er kåra til verdas raskaste handstrikkar fleire gongar. Opninga er frå kl. 18.00 til 19.00 på senterscena i Knarvik senter og gjev smakbitar frå programmet, motevisning og andre heite innslag. Under motevisninga vil ein mellom anna sjå nyheiter frå samarbeidskolleksjonen Hillesvåg Eksklusiv, som er laga i samarbeid med utvalde designarar. – Dette er heilt særeigne og oppsiktsvekkande design inspirert av tradisjonelle norske handverkstradisjonar og moderne estetikk. På opninga vil det også vere fokus på forskjellige bruksmåtar av norsk ull, show og basar med fine premiar.SVANE - CAPE.jpg


Ti dagar med ull i fokus

Ullveka`16 varer frå 21. – 30. oktober og byr på eit program med mykje forskjellig. Er ein interessert i kurs kan ein melde seg på strikkekurs i Fair Isle, strikkekurs i lace, spindelvev og blondestrikk, kreativ toving og spinnekurs. Ein kan gå på demonstrasjon og fleire spanande utstillingar, som utstillinga av åkle frå Nordhordland på Galleri Rustica, og lytta til ulike «Fåredrag» i løpet av dei 10 dagane Ullveka varar. Det vert også arrangert fleire strikkekafear og «strikking i farta» på Bybanen i Bergen. Boklanseringar og konsertar vert det også, som på «Natt på fabrikken» på Hillesvåg Ullvarefabrikk og «Broderi og bobler» på Norsk Trikotasjemuseum. – Vi har jobba med å sy saman eit variert og godt program, og håper at bådTorunn Halseid Marø - detalj.pnge store og små, nybegynnarar og erfarne føler seg velkomne til å vere med. Hovudmålet til Ullveka er at det skal bidra engasjement og kunnskap kring ull og ullbearbeiding, seier Anne Merete Solbakken.


Ull til folket

Strikking har fått eit oppsving dei siste åra og engasjementet for handverket er veksande. – Ein finn store strikkegrupper på mellom anna sosiale mediar og vi ser at det er ein trend og ny stoltheit rundt tradisjonshandverk. Mange er og nyskapande og bruker råvarene på heilt nye måtar. Vi ønskjer å byggje oppunder dette og vise dei flotte råvarene vi finn i Noreg, fortel Anne Merete. – Vi ønskjer å spreie gleda med dette og engasjementet, og håper at Ullveka kan bidra til å ta vare på og visa vår samla kunnskap om ull.


vigdis - lammeullshespe.jpgUllveka 2016 er eit samarbeid mellom Hillesvåg Ullvarefabrikk, Lyngheisenteret, Nordhordland Husflidslag, Knarvik Senter, Norsk Trikotasjemuseum, Hordaland Husflidslag, Norsk Flid Husfliden Bergen, Askøy Husflidslag, Husflidskonsulenten i Hordaland, Norilia, , Hordaland Fylkeskommune, Oleana, Sommerakademiet, Galleri Rustica, Karin Flatøy Svarstad med fleire.

Les programmet her: https://issuu.com/hillesvagullvarefabrikk/docs/12_siders_programhefte?e=23855106/39402531

Les meir om Ullveka her: http://www.ulluken.no/

Sjekk ut Instagram-kontoen til UIlveka 2016: @ullveka

 

Tips ein ven Skriv ut