Nordhordland digitalt er namnet på det interkommunale samarbeidsorganet for kommunale drifts- og forvaltingsoppgåver innan geodata og plan- og byggesak som ikkje er lagt til anna interkommunal driftsorganisasjon.
Oppgåvene til organisasjonen og sjølve organisasjonen er skildra i kommunedelplanar for 2006-2009 for dei to verksemdområda i dei 9 kommunane i regionen. Planane blei vedtekne av kommunestyra i 2006.
I desse planane er det tilrådd at Regionrådet Nordhordland IKS skal vere sekretariat for Nordhordland digitalt i planperioden.
Utført arbeid
Nedanfor er gitt ei meir summarisk oversikt av det som er gjennomført. Meir detaljerte rapportar går fram av årsmeldingane til kommunane.
Saker fremja politisk gjennom Regionrådet Nordhordland IKS
- Forslag til kommunedelplanar for verksemdområda geodata og plan- og byggesak. Arbeidsprogrammet for perioden 2006-2009 er skildra i dei to nemnde kommunedelplanane.
- Høyringssvar til MD sine utkast til forskrifter til ny matrikkellov
- Høyringssvar til KUD sitt utkast til forskrifter til revidert lov om stadnamn.
Dei sterke innvendingane frå m.a. Regionrådet m.o.t. ny matrikkellov resulterte i at Regjeringa i sept. 06 vedtok å ikkje setta i verk lova, men å fremja endring av lova til å samsvara med m.a. hovudsynspunkta i regionen sitt høyringssvar.
Andre programmerte saker:
- Kommunane har skifta referansegrunnlag (koordinatsystem) for stadfest informasjon og for stadfesting av ny informasjon til det internasjonale referansesystemet som er i bruk i moderne satellittbaserte navigasjonssystem.
- Kommunane er blitt partar i det nasjonale Norge digitalt samarbeidet og får dermed gratis tilgang til dei andre partane sine opne geodata i kommunen.
- Det er gitt tilråding om representasjon for regionen i Norge digitalt på fylkesnivå.
- Kartarbeida (Geovekst-samarbeidet). Programmerte tiltak er gjennomført i samsvar med planen.
- I samband med den årlege rulleringa av gebyrregulativa, blei det tilrådd like og auka regulativsatsar for ulovlege byggearbeid.
- Det er utarbeidd felles kvalitetssikringsopplegg for private reguleringsplanforslag og iverksett utarbeiding av ei startpakke i det høvet.
- Det er utarbeidd reviderte produktlister og prisar for kommunane sin leveranse av kart og eigedomsinformasjon gjennom Norsk Eiendomsinformasjon AS.
Sekretariatskostnadene og finansiering.
Kostnadene med sekretariatet er for 2006 bokført med kr 210 714
Kostnadene er i det alt vesentlege dekt ved midlar regionen har fått tildelt av skjønsmidlane til Fylkesmannen i Hordaland og MVA kompensasjon. Kommunane i regionen har etter at kommunedelplanane var vedtekne, fastsett fordelingsnøkkel for fordeling av sekretariatskostnader som ikkje blir dekte på annan måte.