|
Retningslinjer for det Regionale Næringsfondet:
Det regionale næringsfondet er finansiert av Hordaland fylkeskommune, Regionrådet Nordhordland IKS (tidlegare næringsfond) og regionale ”kompensasjonsmidlar”.
Målsetting: Bruken av det regionale næringsfondet skal knytast opp til målsetjingane i den regionale strategiske næringsplanen.
Støtta skal i hovedsak skje som tilskott.
Midlane skal i størst mogeleg grad vere med på utløyse andre distrikts- og næringspolitiske verkemiddel.
Søkjar kan vere kommunar i regionen, regionale/interkommunale organ, bedrifter, lag og organisasjonar.
Midlane skal nyttast til: - Felles bedriftsutviklingstiltak.
- Regionale tiltak definert gjennom strategisk næringsplan for Nordhordland.
- Andre regionale næringsutviklingstiltak.
Midlane kan ikkje nyttast til ordinær drift eller investeringar i kommunar eller einskild verksemder. Midlane kan likevel unntaksvis nyttast til mindre investeringar i samband med utviklingsprosjekt.
Utbetaling: Tilskottet vert som hovedregel utbetalt når prosjektet er avslutta og det ligg
føre attestert dokumentasjon og prosjektrapport.
Forvaltninga av dei regionale næringsfondsmidlane vert lagt til Regionrådet Nordhordland IKS sitt næringsutval. Kostnader med administreringa av fondet kan, etter nærare avtale med Næringsutvalet, belastast fondet. Regionrådet kan, etter tilråding frå Næingsutvalet, gjere vedtak om kor mykje av midlane som skal nyttast det einskilde år.
|