Har du lyst å starta eiga bedrift ?
Regionrådet Nordhordland IKS tilbyr etablerarsamtaler og etablerarkurs til deg som gründar. I tillegg legg vi tilrette for at du kan byggje nettverk med andre i same situasjon ved å arrangere etablerarsamlingar. Du finn all informasjon om dette nedover denne sida!
ETABLERARKURS:
Målgruppe: Personar som har planar om å (eller nyleg har) starta næringsverksemd i regionen. Kurset er eit grunnkurs (12 timar) med 3 samlingar. Målet er at kvar deltakar skal ha eit grunnlag for å kunne utforme sin eigen forretningsplan ved avslutning av kurset. Ein må vera innstilt på noko heimearbeid mellom samlingane.
I 2009 har vi arrangert to grunnkurs for etablerarar, det første kurset vart arrangert tidleg i vår og det andre var i byrjinga av september. Vi vil setje opp Grunnkurset igjen på vårparten 2010.
Med atterhald om endringer som kan skje, vil kursa vere sett opp med følgande innhald:
1. Kurssamling: Tema: Kartlegging av forretningsidé.
Vi vil ha litt om personleg planleggine, oppbygging av ein forretningsplan, samt kartlegging av forretningsidé og marknad.
2. Kurssamling: Tema: Økonomi.
På denne samlinga får vi besøk av ein rekneskapsførar som går gjennom dei viktigaste emna knytt til rekneskap og økonomi i eigen verksemd. Prissetting og val av selskapsform vert også tema her.
3. Kurssamling: Tema: Realisering.
Vi tek opp marknadsføring, kundehandsaming og sal. Nettverksbygging og vegen vidare for forretningsidéen.
Kostnad: Kr. 600,- pr. deltakar totalt for heile kurset.
Dette inkluderar også kursmateriell
Kursstad: Westland Hotel, Lindås.
INTERESSERT?
Meld gjerne di interesse allereie no!
Først til mølla, osv................
Send litt informasjon om deg og din forretningside til
Regionrådet Nordhordland IKS v/ Kari Evensen Natland,
bruk helst e-post: kari@nordhordland.net
eller faks nr. 56 37 58 89,
eller postadr. Regionrådet Nordhordland IKS, Postboks 13, 5902 ISDALSTØ
VEL MØTT TIL ETABLERARKURS!
Hvis du vil ha meir informasjon kan du ringe Kari på tlf. 56 37 58 88.
Kurset vert arrangert av Regionrådet Nordhordland IKS i samarbeid med
Hordaland fylkeskommune og Innovasjon Norge.
PÅBYGGINGSKURS:
Her er vi opne for innspel frå deg, er det andre tema du har bruk for å lære meir om? Kom med tips, så kanhende vi kan leggje om på planane!
Kurs i "Økonomi Illustrator"
Lær deg å forstå og analysere rekneskap i løpet av ein dag! Vær trygg på å ta viktige økonomisk strategiske val! Sjå også eigen informasjon om dette kurset på sida vår.
Tysdag, 20. oktober kl. 09.00 - 16.00.
Vi kan og tilby deg rettleiing i ein oppstartsfase :
ETABLERARSAMTALE
Ring oss på tlf. 56 37 58 88 for å avtale tid om du ynskjer ein individuell samtale
Alle som har planar om å starta eiga verksemd i Nordhordland er velkomne til etablerarsamtale.
Du kan også bruka e-post: kari@nordhordland.net
Bygg nettverket ditt:
ETABLERARSAMLINGAR:
Vi arrangerer ein eller to samlingar kvart år. Følg med for oppdatert informasjon
Nyttige nettsider:
www.bedin.no
www.spor-oss.no
www.brreg.no
www.innovasjonnorge.no