Regionrådet Nordhordland IKS


Forside

Kart over Nordhordland

Regionrådet Nordhordland IKS

Møteinnkalling / Møtereferat

Årsmeldingar

Nordhordland Digitalt

Næringsutvikling

Samferdsel

Kultur og opplevingar

Kommunane

Kontakt oss















Regionrådet Nordhordland IKS
Pb 13, 5902 ISDALSTØ
Tel.: 56 37 58 88
Fax: 56 37 58 89




etablerarprogrammet 2010

Har du lyst å starta eiga bedrift ?

Regionrådet Nordhordland IKS tilbyr etablerarsamtaler og etablerarkurs til deg som ønskjer å starte eiga verksemd, eller som allereie er i gang.

I tillegg legg vi tilrette for at du kan byggje nettverk med andre i same situasjon ved å arrangere etablerarsamlingar.

Du finn all informasjon om tilboda for 2010 nedover denne sida!

 

ETABLERARSAMTALE:
Ring oss på tlf. 56 37 58  88 for å avtale tid om du ynskjer ein individuell samtale
Alle som har planar om å starte, eller har starta, eiga verksemd i Nordhordland er velkomne til etablerarsamtale.


Du kan også bruka e-post:  kari@nordhordland.net

 

ETABLERARKURS:
Målgruppe: Personar som har planar om å (eller nyleg har) starta næringsverksemd i regionen. Kurset er eit grunnkurs (12 timar) med 3 samlingar. Målet er at kvar deltakar skal ha eit grunnlag for å kunne utforme sin eigen forretningsplan ved avslutning av kurset. Ein må vera innstilt på noko heimearbeid mellom samlingane.

 

I 2010 arrangerer vi to grunnkurs for etablerarar, det første var i vår. Neste kurs er:

 

HAUST:   13. september kl. 17.00 - 21.00

              20. september kl. 17.00 - 21.00

              27. september kl. 17.00 - 21.00

 

Med atterhald om endringer som kan skje, vil kursa vere sett opp med følgande innhald:

1. Kurssamling: Tema: Kartlegging av forretningsidé.

Vi vil ha litt om personleg planlegging, oppbygging av ein forretningsplan, samt kartlegging av forretningsidé og marknad.

 

2. Kurssamling: Tema:  Økonomi.

På denne samlinga får vi besøk av ein rekneskapsførar som går gjennom dei viktigaste emna knytt til rekneskap og økonomi i eigen verksemd. Prissetting og val av selskapsform vert også tema her.

 

3. Kurssamling: Tema:  Realisering.

Vi tek opp marknadsføring, kundehandsaming og sal. Nettverksbygging og vegen vidare for forretningsidéen.

 

Kostnad:  Kr. 600,- pr. deltakar totalt for heile kurset.

Dette inkluderar også kursmateriell

 Kursstad:   Regionrådet sitt kontor i Knarvik.

 

INTERESSERT?

Meld gjerne di interesse allereie no! Påmeldingsfrist i haust er 9. september.

Først til mølla, osv................

Send litt informasjon om deg og din forretningside til

Regionrådet Nordhordland IKS  v/ Kari Evensen Natland,

bruk helst e-post:  kari@nordhordland.net

eller faks nr. 56 37 58 89,

eller postadr.  Regionrådet Nordhordland IKS, Postboks 13, 5902  ISDALSTØ

 

VEL MØTT TIL ETABLERARKURS!

 

Hvis du vil ha meir informasjon kan du ringe Kari på tlf. 56 37 58 88.

 

Kurset vert arrangert av Regionrådet Nordhordland IKS i samarbeid med

Hordaland fylkeskommune og Innovasjon Norge.

 

PÅBYGGINGSKURS:

Her er vi opne for innspel frå deg, er det tema du har bruk for å lære meir om? Kom med tips, så kanhende vi kan leggje om på planane!

 

Kurs i "Økonomi Illustrator"

Lær deg å forstå og analysere rekneskap i løpet av ein dag! Vær trygg på å ta viktige økonomisk strategiske val! Her vil det komme meir informasjon.

Mandag, 11. oktober kl. 14.00 - 20.00.

 

ETABLERARVERKSTADEN:

I samarbeid med Mongstad Næringshage, arrangerar vi Etablerarverkstaden. Dette er eit tilbod som går på dagtid. Kurset vil vare over 3 - 4 månader, så her får du jobba med forretningsidéen over tid. Du kan, om du ønskjer, få tilbod om kontorplass i Næringshagen med tilgang til utstyr og ressurspersonar. Du får fagleg og praktisk hjelp til å utvikla verksemda di.

 

Informasjonsmøte om Etablerarverkstaden er torsdag, 21. oktober, kl. 13.00, på NAV sitt kontor i Knarvik. Oppstart 30. oktober.

Er du interessert ta kontakt med Solveig Lerøy, dagleg leiar i Mongstad Næringshage, tlf. 36 34 32 13, eller på e-post solveig@mongstad.as, eller kontakt Kari Evensen Natland, Regionrådet Nordhordland IKS, tlf. 56 37 58 88, kari@nordhordland.net

 

Bygg nettverket ditt: 

ETABLERARSAMLINGAR:

Nordhordland er ein del av den nasjonale satsinga 'Kvinnovasjon'. Vårt lokale tilbod vil vere etablerarsamlinger med fokus på nettverksbygging og kompetanse. Følg med for oppdatert informasjon.

 

Neste samling vert 22. juni på Hotel Lune Huler på Vågseidet. Følg med annonsering.

 

 
 Nyttige nettsider:

www.kom-an.no

www.bedin.no

www.spor-oss.no

www.brreg.no

www.innovasjonnorge.no

www.vitalt.no