Hjarteleg velkomen til å melde deg på vårt etablerar - grunnkurs!
Påmeldingsfristen er sett til 4. mars.
Du finn meir informasjon om andre tilbod vi har til etablerarar under 'Etablerarprogrammet 2010'.
Kursdatoer:
8. mars kl. 17.00 - 21.00
15. mars kl. 17.00 - 21.00
22. mars kl. 17.00 - 21.00
1. Kurssamling: Tema: Kartlegging av forretningsidé.
Vi vil ha litt om personleg planleggine, oppbygging av ein forretningsplan, samt kartlegging av forretningsidé og marknad.
2. Kurssamling: Tema: Økonomi.
På denne samlinga får vi besøk av ein rekneskapsførar som går gjennom dei viktigaste emna knytt til rekneskap og økonomi i eigen verksemd. Prissetting og val av selskapsform vert også tema her.
3. Kurssamling: Tema: Realisering.
Vi tek opp marknadsføring, kundehandsaming og sal. Nettverksbygging og vegen vidare for forretningsidéen.
Målgruppe: Personar som har planar om å (eller nyleg har) starta næringsverksemd i regionen. Kurset er eit grunnkurs (12 timar) med 3 samlingar. Målet er at kvar deltakar skal ha eit grunnlag for å kunne utforme sin eigen forretningsplan ved avslutning av kurset. Ein må vera innstilt på noko heimearbeid mellom samlingane.
Kostnad: Kr. 600,- pr. deltakar totalt for heile kurset.
Dette inkluderar også kursmateriell
Kursstad: Regionrådet sitt kontor i Knarvik.
INTERESSERT?
Meld gjerne di interesse allereie no! Påmeldingsfrist er 4. mars.
Først til mølla, osv................
Send litt informasjon om deg og din forretningside til
Regionrådet Nordhordland IKS v/ Kari Evensen Natland,
bruk helst e-post: kari@nordhordland.net
eller faks nr. 56 37 58 89,
eller postadr. Regionrådet Nordhordland IKS, Postboks 13, 5902 ISDALSTØ
VEL MØTT TIL ETABLERARKURS!
Hvis du vil ha meir informasjon kan du ringe Kari på tlf. 56 37 58 88.
Kurset vert arrangert av Regionrådet Nordhordland IKS i samarbeid med
Hordaland fylkeskommune. Vi tek atterhald om at det kan skje endringer i programmet.