Region Nordhordland – Nordhordland Utviklingsselskap IKS – tener dei ni eigarkommunane Meland, Austrheim, Masfjorden, Fedje, Gulen, Osterøy, Modalen, Radøy og Lindås. Aktivitetane i utviklingsselskapet skal bidra til vidareutvikling av regionen vår næringsmessig, sosialt og kulturelt.
Etablerarkurs
No er det tid for etablerarkurs igjen! Har du ein god forretningsidé, drøymer du, eller veit du om nokon som drøymer om eiga verksemd? Meld deg på her!
Sett deg mål og ta styring
Første etablerarsamling i år vert måndag 13. februar kl. 19.30 på Nordhordland Folkehøgskule.
Ole Chr Hallesby, kjend økonomisk rådgjevar, tek opp teamet bedriftsleiing.
Ledig stilling som dagleg leiar
Vil du vere med på å styre utviklinga i ein stor og spenstig region? Spennande jobb som dagleg leiar i Region Nordhordland – Nordhordland Utvilkingsselskap IKS -med søknadsfrist 13. februar.
Opera, høygaflar og ein mjølkebonde!
Heilt originale dekorasjonar og 130 forventningsfulle deltakarar sette rammene for Inspirasjonskonferansen “på skattejakt i Nordhordland” 12.januar. Dette vart ein lærerik, kreativ og ikkje minst inspirerande dag!
Jon Askeland ny leiar
Jon Askeland er vald til leiar og Kari Foseid Aakre til nestleiar i representantskapet for selskapet Nordhordland Utviklingsselskap IKS, som er ei vidareføring av tidlegare Regionrådet Nordhordland IKS. Dei inntek dei same posisjonane i det nystifta politiske organet Regionrådet Nordhordland.
Nordhordland Utviklingsselskap IKS frå 5. januar
Regionrådet Nordhordland IKS går 5. januar over i ny organisering og blir heitande Nordhordland Utviklingsselskap IKS. Merkevarenamnet blir Region Nordhordland.
Sjå til Nordhordland!
Leiaren i BT 27. desember peiker på friske og nye tankar som har satt regionen på kartet, blant anna med filmen “From Nordhordland with Love”. Avisa berømmer oss også for langsiktig og visjonært samarbeid i 50 år. Me gler oss til dei 50 neste!
Milliondryss i julegåve til Nordhordland
Eit nytt utviklingsmiljø innan reiseliv, kultur og oppleving skal etablerast i Nordhordland saman med kommunane Solund og Gulen. Nordhordland Næringshage er nyleg teken opp i det 10-årige næringshageprogrammet til SIVA frå 1. januar 2012.
Bruk hurtigbåten, dei som kan!
Hurtigbåten mellom Knarvik, Frekhaug og Bergen vil fortsetta ruta ut januar, i håp om at passasjertalet vil auka. Dei som vil behalda båten, må kjenna si besøkelsestid no!
Høg aktivitet også i 2011
Etablerarane i Nordhordland nytter seg av tilboda i Etablerarprogrammet. Kursa våre får særs gode tilbakemeldinger. På spørsmål om å vurdere, på ein skal frå 1 – 10, om kurset har inspirert til vidare arbeid med forretningsidéen er gjennomsnittscoren heile 9,2.









