Regionen Nordhordland

Nordhordland er området mellom Bergen og Sognefjorden, med dei ni kommunane Meland, Lindås, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Radøy, Osterøy, Modalen og Gulen. Det bur nær 41 000 menneske i denne regionen.

 

Havsport kajakk.jpg

Variasjonen i landskapet mellom kommunane er stor, frå Fedje i vest i havet til Modalen inst i Osterfjorden. Kommunane varierer også mykje i talet på innbyggjarar. Likevel er det sterke fellestrekk mellom kommunane, både historisk og kulturelt. Alle kommunane har ei sterk tilknytning til Bergen på grunn av nærleiken til byen, og dei aller fleste av kommunane kan seiast å ha ein felles arbeidsmarknad kring verksemda på Mongstad. Sidan Oljeeventyret tok til der på syttitalet har Mongstad vore eit sentrum for vekst, tilflytting og industrialisering i ein region som tidlegare var prega av fiske og landbruk.

Nordhordland byr på mange opplevingar både innan kultur og natur. Her er det høve for aktivitetar knytt til både fjord, hav og fjell. I november 2010 vart den største kommunen Lindås kåra til årets kulturkommune i Hordaland. Nordhordland er eit vekstområde med god tilflytting, spesielt i den sørlige delen. Det er venta ytterlegare folkevekst i fleire av kommunane etter kvart som vegnettet blir utbygd. I dag tek det ein halv time frå Bergen sentrum til regionsenteret i Knarvik, og om lag ein time frå Bergen til Mongstad. Større vegprosjekt er på trappene og vil binda regionen endå sterkare til byen.

Næringsliv, tilflyttarar og turistar er hjarteleg velkomne til Nordhordland. Me vil ta heile regionen i bruk. Både Regionrådet og den einskilde kommune vil gjerne hjelpa med informasjon og støtte til dei som har lyst til å bli betre kjend med regionen vår.

 

Lokalaviser:

www.nordhordland.no

www.strilen.no

 

NHvideo.jpg

 

 

 "From Nordhordland with Love"

 

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut