Kommunane våre

Her finn du nettsidene til dei ni kommunane som samarbeider i Regionrådet Nordhordland:

 

52px-Austrheim_komm.png Austrheim kommune ... ligg nord i Nordhordland med i underkant av 3000 innbyggarar. Kommunen er ein av vertskommunane til Mongstad, eit internasjonalt industriområde med oljeraffineri, forsyningsbase, petroleumsindustri og CO2-senter. Austrheim er ein hav- og kystkommune og består av 489 øyar, holmar og skjer.

 

52px-Fedje_komm.png Fedje kommune ... er Noregs vestlegaste kommune og er eit lite kystsamfunn mot Nordsjøen. Den lille øykommunen i havet har ca 560 innbyggjarar og må reisast til med ferje eller båt. Hovudøya er berre 7,4 km2 og er omgitt av 125 småøyar, holmar og skjer, noko som utgjer omlag 9,4km2.

 

52px-Lindås_komm.pngLindås kommune ... er den største kommunen i Nordhordland og feira innbyggjar nr 15.000 i 2013. Knarvik er kommunesenteret, og er regionsenteret for Nordhordland. I september er kommunen arena for Knarvikmila, eit arrangement som samlar kring 7.000 deltakarar kvart år. Kommunen er også ein av vertskommunane til Mongstad.
 

52px-Masfjorden_komm.png Masfjorden kommune ... ligg nord i Nordhordland og grensar til kommunane Gulen og Høyanger i Sogn og Fjordane fylke og kommunane Modalen og Lindås i Hordaland fylke. Dei 1707 innbyggjarane i Masfjorden bur mellom 190 øyar og holmar, skog og fjell - det største på 1044moh (Storevasseggi / Stølsheimen).

 

52px-Meland_komm.png Meland kommune ... omfattar Holsnøy, Flatøy og nokre mindre øyar. Kommunen er landfast via Nordhordlandsbrua og er det geografiske bindeleddet mellom Bergen og Nordhordland. Meland er i sterk vekst, med eit innbyggjartal på ca 7.500. Her ligg ei av dei finaste golfbanene i Europa og den største folkehøgskulen i landet.
 

52px-Modalen_komm.png Modalen kommune ... er fjellkommunen med kommunesenteret i fjøresteinane. Kommunesenteret Mo ligg ved Mofjorden, innst i Osterfjorden, og ligg ved sida av den særmerkte bryggjerekkja med kaipromenade og aktivitetshuset Bryggjeslottet. Naturen er prega av fjell, fjord og store fossefall.

 

52px-Osterøy_komm.png

 Osterøy kommune ... ligg på ei av Nordeuropas største innlandsøyer. Øya er 329km2 og ligg søraust i Nordhordland. Kommunesenteret er Lonevåg og andre tettstader er Valestrand, Haus og Fotlandsvåg. Innbyggjarantalet var 7842 i 2014 og vegforbindelsen til innlandsøya består av Osterøybrua og ferjesambandet Valestrand-Breistein.
 

52px-Radøy_komm.png

 Radøy kommune ... ligg sentralt plassert i Nordhordland og har kommunesentert sitt på Manger. Radøy kommune er kjend som den grøne øya, men består til saman av 269 øyer, holmar og skjer. Kommunen runda i 2012 5000 innbyggjarar og har det einaste 25 meters-bassenget i heile Nordhordland lokalisert i Radøyhallen.
 

standard_k-gulen.gif Gulen kommune  ... ligg heilt i sørvest i Sogn og Fjordane på grensa til Hordaland. Landarealet på 596km2 inneheld 1500 øyar, holmar og skjer og dalføre på kryss og tvers. Dei 2500 fastbuande bur jamt fordelt i skulekrinsane Brekke, Dalsøyra, Eivindvik og Byrknes, og har Sognefjorden og Fensfjorden på kvar si side. 

 

Tips ein ven Skriv ut