Tenester i eit framtidig Helsehus

Eit helsehus er eit bygg der ein skal samle ulike helsetenester som skal bidra til at innbyggjarane i den einskilde kommunane i Nordhordland får den behandlinga og kompetansen dei har krav på.

Ein ventar at om lag 600 personar vil motta tenester i helsehuset kvar dag. I Region Nordhordland Helsehus er det førebels planlagd desse tenestene:

Spesialhelsetenester

  • Dialyse
  • Ambulansestasjon
  • Psykisk helsevern for vaksne (DPS)
  • Psykisk helsevern for barn og unge (BUP)
  • Avd. for rusmedisin
  • Hudpoliklinikk
  • Andre legespesialister

Hordaland fylkeskommune

  • Tannklinikk

Interkommunale tenester

  • Nordhordland legevakt
  • 6 døgnplasser til øyeblikkelig hjelp

Lindås kommune

  • Psykisk helse og rus
  • Barnevern
  • PPT
  • Helsestasjon
  • Helseadministrasjon
  • Fastlegekontor
  • Fysio- og ergoterapitenesta
  • Forvaltningseining
  • 14 korttidsplassar (døgn)

Kunnskapssenter
Det er planlagd felles kunnskapssenter med ansvar og støttefunksjonar knytt til områda;

  • Forsking og utvikling
  • Rekruttering og kompetanse
  • IKT- og velferdsteknologi
  • Styringsdata og analyse
  • Undervisning, kurs og erfarings- og kunnskapsdeling

Om lag 350 personar får arbeidsplassen sin i det nye helsehuset.

Tips ein ven Skriv ut