Hjem  /  Helsehus

Region Nordhordland Helsehus

Region Nordhordland Helsehus - ein felles arena for ulike tenester som samarbeider for betre helse og tryggleik for innbyggjarane i Nordhordland.

Kommunane Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy og Radøy har vedteke å byggja eit felles helsehus sentralt i Knarvik. Dei har organisert dette gjennom felles eigarskap i selskapet Region Nordhordland Helsehus IKS (RNHI). Les meir om prosjektorganisering her.

Helsehuset i Nordhordland er ei av dei større helsepolitiske samarbeidstiltaka i regionen, og vil vera med å legge rammer for samarbeid og samordning av tenestene til det beste for innbyggjarane i Region Nordhordland.

FASADEBILDE WEB

             Helsehuset vert utforma med ein tydeleg og særegen fasade. Bygget har høge estetiske kvalitetar som
             gjenspeglar  omgjevnadane og uttrykker ein felles framtidsretta visjon for området.

 

Helsehuset vil innehalda eit bredt spekter av tenester, både innan somatikk, psykisk helsevern til barn, unge og vaksne, tannhelseteneste og kommunale tenester innan oppvekstsektoren. Saman vil dette bli ein viktig berebjelke i vidare utvikling av regionen og tenestetilbodet i kommunane. Haukeland universitetssjukehus og kommunane har uttala at dei vil vere ein aktiv og forpliktande deltakar i dette arbeidet.

Haukeland universitetssjukehus har valt å  samla oppgåver/funksjonar som skal utviklast lokalt til beste for innbyggjarane, og for at det skal vere god tilgjenge på gode fagtenester lokalt.

Ved å samla spesialisthelsetenester med legevakt, ØHD, kommunal legeteneste, fysio-/ergoterapi og psykisk helse og rus, samt tenester innan oppvekstsektoren har ein lagt til rette

Kommunale, interkommunale og spesialiserte helsetenester skal samarbeide for;

  • betre helse og tryggleik for innbyggarane i Region Nordhordland

  • å styrka samarbeidet mellom kommunane i Region Nordhordland, spesialisthelsetenesta og sivilt samfunn gjennom auka dialog, utvikling av gode samarbeidsløysingar og teneleg oppgåveløysing

  • bidra til auka rekruttering og kompetanse innan helse- og omsorgssektorenfor å  støtta opp om målsetjinga om utvikling , tverrfagleg samarbeid og tidleg innsats.

Innhaldet i helsehuset skal fremje eit framtidsretta heilskapleg helsetilbod for innbyggjarane i Region Nordhordland. Les meir om framtidige tenester i Helsehuset her.

I planlegginga av Helsehuset er det sett av areal til eit kunnskapssenter - ein felles møteplass og ein arena for fagleg utvikling. På det viset kan tenester i Helsehuset få eit reelt  fortrinn i kampen om å rekruttera gode fagfolk i framtida.

Bygget er på totalt 13 230 m2 BTA, fordelt på 6 etasjar + 3 595 m2 underetasje til parkeringsanlegg og teknisk areal. Utforming av arealet har skjedd i tett samarbeid og dialog mellom prosjektleiar, arkitektar, prosjekterande ingeniørar, byggherre og representantar for leigetakarane og brukarane. Dette for å sikra best mogeleg arealutnytting, sambruk av areal og for å finna gode og funksjonelle løysingar når det gjeld logistikk og brukarvennlege løysingar i bygget. 

Arealet er utforma slik at det legg til rette for samarbeid og samhandling på tvers av ulike fagmiljø og tenestenivå. Det er eit mål at utforminga av Helsehuset skal bidra til utvikling, læring og byggje sterke fagmiljø som er eit godt grunnlag for rekruttering av nødvendig kompetanse i framtida.

Plassering av bygget

Bygget er godt plassert i «hjarta» av Knarvik, med nær tilknyting til sentrum og rekreasjonsområde ved Kvassnesstemma.

Allmenningen som skal utbyggas vil danna eit flott og viktig område som gir rom for velvære og avslapping, samtidig som det skapar ei flott ramme som tilkomstområde til Helsehuset.

 

Skisse tomt_område_lite web.pngFlyfoto helsetomt.jpg
Helsehustomta: Kvassnesvegen 11, gnr. 188, bnr. 323 og 398.

 



Les meir om:

Tips ein ven Skriv ut