Sekretariat for kontrollutvala i Nordhordland

Nordhordland Utviklingsselskap IKS ivaretar sekreteriatsfunksjon for kontrollutvala i kommunane Austrheim, Fedje, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy og Radøy.

Kontrollutvalet fører løypande tilsyn med den kommunale forvaltninga på kommunestyrets vegne, og ser til at kommunen har ein forsvarleg revisjon. Tilsyn med forvaltninga utførast gjennom revisor sitt arbeid, av dette rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon og selskapskontroll, og gjennom kontrollutvalet sine eigne undersøkingar.

Forskrift om kontrollutvalg i kommuner og fylkeskommuner §20 omhandlar sekretariatsfunksjonen til kontrollutvalet og seier blant anna at "Sekretariatet skal være uavhengig av kommunens eller fylkeskommunens administrasjon og av den eller de som utfører revisjon for kommunen eller fylkeskommunen" (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2004-06-15-905).

 

For meir informasjon om kontrollutvala i dei ulike kommunane, gå inn på kommunen sin heimeside:

Austrheim - Fedje - Lindås - Masfjorden - Meland - Modalen - Osterøy - Radøy

Felles møtekalender for kontrollutvala for 2017 finn du her:
Aktivitetskalender kontrollutvala Nordhordland 2017.pdf

 

Revisjon

I Lindås kommune er det for tida Deloitte AS som utfører revisjonstenestene.

Nordhordland Revisjon IKS er eit interkommunalt revisjonsselskap eigd av dei sju kommunane Austrheim, Fedje, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy og Radøy.

 

Sekretariat

Sekretær for kontrollutvala er: Tonje Husum Aarland - tlf.: 92 85 84 13 - tonje.husum.aarland@nordhordland.net

 

Tips ein ven Skriv ut