Vassområde Nordhordland

EU sitt vassdirektiv

EU sitt rammedirektiv for vatn, vassdirektivet, er eit av dei viktigaste miljødirektiva i Europa. Direktivet gir konkrete miljømål som vi er forplikta å nå. Det viktigaste verktøyet er heilskapelege vassforvaltningsplanar i kvar vassregion, på linje med resten av EU. Norge har tatt vassdirektivet inn i EØS-avtalen, og hovudmålet med gjennomføringa er å sikre bærekraftig vassbruk i alt kystvatn og vassdrag. Vassforskrifta er det norske lovverket som styrer gjennomføringa av vassdirektivet her til lands. Vassområde Nordhordland er eit av fem vassområder i Hordaland vassregion.

Vassforskrifta sikrer heilskapleg forvaltning av vatn frå fjell til fjord

Vanndirektivet fastset miljømål som skal sikre ei heilskapleg forvaltning og bærekraftig bruk av vassforekomstane. Direktivet er tatt inn i norsk rett gjennom forskrift om rammer for vannforvaltningen (vannforskriften). 

Formålet er å beskytte – og om nødvendig forbedre – miljøtilstanden i alle elver, innsjøer, grunnvatn og kystnære områder. Forurensing skal fjernast og andre tiltak skal settast inn der det trengs for å styrke miljøtilstanden gjennom målretta tiltak.

Konkrete miljømål og meir langsiktige løysingar

Måla går frå fysisk og kjemisk kvalitet, til økologisk kvalitet. Direktivet krev økt miljøovervåking av vatn, slik at vi kan følgje med på det som skjer i vassdraga, grunnvatnet og kystvatnet, både dei kjemiske og dei biologiske forholda. Årsakene til dårlige miljøforhold skal avdekkast, og om nødvendig skal det settast i verk forbetringstiltak. Poenget blir å finne ut kor mykje menneskeleg påverknad fisk, muslinger, tareskog osv. kan tåle.

Vassområde Nordhordland

Avgrensinga av vassområda er ikkje bestemt av kommunegrenser, den er bestemt av grensene til vassdraga og i kva fjord desse renn ut. Til vassområde Nordhordland høyrer dei vassdraga som renn ut i Fensfjordsystemet, Hjeltefjorden, Herdlefjorden, Radfjorden, Lurefjorden og sørover der ein grensar mot Byfjorden og Osterfjorden. Til dømes høyrer dei vassdraga i Lindås og Modalen kommune som renn ut i Osterfjorden til vassområde Voss-Osterfjorden. Nokre vassdrag i sognekommunane Gulen, Høyanger og Vik høyrer til vassområde Nordhordland då vatnet er overførd til eller renn ut i Fensfjordbassenget.

Nordhordland er eit vassområde med store variasjonar i landskap. Frå det flate øyriket Fedje ute i havet til høge fjell og djupe fjordar inne i Masfjordfjella og Stølsheimen. Busetnaden er og særs variert. Dette betyr ulike påverknader og miljøtilstand - alt etter kor ein er i vassområdet. Delar av området er omfatta av dei såkalte Bergensbuene, som gjev eit kupert landskap med avlange åser, vassdrag og fjordar. Heile området har mykje nedbør og milde temperaturar.

Dei største utfordringane i vassområde Nordhordland er forureining frå industri, spreidde avlaup og landbruk, oppblomstring av blågrønalgar i vassdraga, forsuring (sur nedbør), og fysisk påverknad frå kraftregulering. 

Vannportalen.no finn du informasjon om arbeidet med å gjennomføre forskrifta om rammer for vassforvaltninga i Noreg (vannforskriften), og anna arbeid knytt til EU sitt rammedirektiv for vatn (vanndirektivet).

Relevante lenker:

  • Vannportalen er den offisielle norske nettsiden for vanndirektivet. Inneholder veiledningsmateriell, forklaringer, aktuelle rapporter/utredninger og nyheter fra norske myndigheter. 
  • Vann-nett er en database og webapplikasjon med avansert kartfunksjonalitet der all informasjon knyttet til karakterisering og resultater av miljøtilstand kan gjenfinnes. 
  • Vannmiljø er en database og webapplikasjon for å finne måledata og klassifiserte data om de enkelte vannforekomster.

Kontaktpersonar:

Vassområde Nordhordland v/Kjersti Isdal (Region Nordhordland/Nordhordland utviklingsselskap IKS). E-post: kjersti@nordhordland.no, tlf: 971 29 193

Vassregion Hordaland v/Sølve Søndbø (Hordaland Fylkeskommune). E-post: Solve.sondbo@hfk.no , tlf: 900 75 325

 

Tips ein ven Skriv ut