Om Region Nordhordland - Nordhordland Utviklingsselskap IKS

Nordhordland Utviklingsselskap IKS er eit samarbeidsorgan mellom kommunane Meland, Austrheim, Masfjorden, Fedje, Gulen, Osterøy, Modalen, Radøy og Lindås, og er kommunane sitt verkty for felles innsats på fleire store område.

Nordhordland luftbilde.jpg

Nordhordland Utviklingsselskap IKS er eig av dei ni kommunane Meland, Austrheim, Masfjorden, Fedje, Gulen, Osterøy, Modalen, Radøy og Lindås. Samarbeidsorganet er kommunane sitt verkty for felles innsats på fleire store område. Utviklingsselskapet har merkenamnet Region Nordhordland, og er knytt opp til det strategiske organet Regionrådet Nordhordland, samansett av ordførarane i regionen. Dei ni ordførarane utgjer også representantskapet til utviklingsselskapet, medan tre rådmenn utgjer styret.

Aktivitetane i Region Nordhordland skal bidra til vidareutvikling av regionen vår næringsmessig, sosialt og kulturelt.

Kort og godt om det regionale samarbeidet:

  • Me vil styrka livskvaliteten for dei som bur her
  • Skapa det gode liv med fritid, arbeid og god helse
  • Styrka samhandling mellom regionen og omverda
  • Økonomisera med offentleg ressursbruk
  • Bidra til utvikling og miljøvern

 

 

Tips ein ven Skriv ut