Prosjektorganisering - Region Nordhordland Helsehus

Prosjekt "Region Nordhordland Helsehus" er eigd av dei ni kommunane Austrheim, Fedje, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy og Gulen.

Prosjektet er eigd av dei ni kommunane i Region Nordhordland gjennom selskapet Region Nordhordland Helsehus IKS (RNHI), og er organisert som eit samarbeidsprosjekt mellom kommunane, Helse Bergen HF og Haraldsplass Diakonale sykehus.

Bestillinga frå eigarane er å byggja eit helsehus på inntil 12 000 m2 BRA + underetasje med parkering, som legg til rette for brukarvennlege, berekraftige og framtidsretta helse- og velferdstenestar for innbyggjarane. Kommunane i Region Nordhordland har godkjent ei låneramme på 450 millionar kroner for å realisera prosjektet.

Organisering RNHI.jpg
RNHI er prosjektansvarleg for byggjeprosjektet, og er eigedomsselskapet som har ansvaret for oppføring, utleige, drift og vedlikehald av bygget, samt å levera rom og areal i samsvar med behovet til/ bestilling frå leigetakarane og i tråd med rammene for prosjektet.

Styret er samansett av:

  • Håkon Matre (leiar)
  • Torbjørn Nævdal (nestleiar)
  • Rita Tveiten
  • Steinar Hunskår
  • Solfrid Olsen Farestveit
  • Rune Heradstveit (dagleg leiar RNHI)

Styringsgruppa til byggjeprosjektet er samansett av:

  • Rådmannen i Lindås kommune
  • To representantar utpeika av Helse Bergen HF
  • Representant utpeika av Haraldsplass DS
  • Byggherre ved dagleg leiar RNHI

Brukargruppa er samansett av leiarar frå dei ulike tenestene i bygget og representant for tenestemottakarar (brukarrepresentant).


Bakgrunn for prosjektet
Av hovudgrepa/tiltak legg Samhandlinsreforma vekt på;

  • "venstreskyving" - tenesteoverføring til kommunar med samtidig spesialisering av 2.linja
  • fokus på heilskaplege og koordinerte tenester
  • tidleg innsats - folkehelse/førebygging
  • forsking og utdanning
  • IKT og velferdsteknologi

Erfaringar lokalt viser at ingen helseaktør i regionen løyser alle oppgåvene innan helse og velferdsområdet aleine og at auka samarbeid og innovativ samutvikling, særleg innan ressurs- og kompetansekrevjande oppgåver er naudsynt og formålsteneleg. For å følgje opp krav og føringar frå sentralt hald må kommunar finne eigna samarbeidsformar på tvers av tenestenivå og fagområde. Interkommunalt samarbeid og samlokalisering av tenester i t.d. eit felles helsehus kan vere naudsynt for å nytte kompetanse og ressursar på ein best mogleg måte.


Gode løysingar på sikt
Det er venta at ei slik samlokalisering av helsetenester vil gje synergiar på fleire område;

  • auka beredskap
  • betre tilgjengelegheit og behandlingstilbod
  • større moglegheiter for tettare samhandling og samarbeid mellom kommune- og spesialisthelsetenesta
  • fleire døgnplasser
  • større fagmiljø og meir tverrfagleg kompetanse under same tak
  • tilgang til fagleg rettleiing
  • sambruk av areal
  • fleire av spesialisthelsetenesta sine tilbod til regionen
  • ein attraktiv arbeidsplass
  • sentrumsutvikling av Knarvik som regionalt tyngdepunkt
  • arena for rekruttering og kompetansebygging

Nordhordland luftbilde_1600x300[1].jpg

 

Tips ein ven Skriv ut