Etablerarfond for Bergensregionen

Tilskot i 2020

Er du gründar i oppstartsfase eller går du med planar om å starte ny verksemd? 
Då kan du vere i målgruppa for å søkje om støtte inntil kr. 50.000,- for å gjennomføre naudsynte tiltak som t.d. å gje deg kompetanse om marknad og økonomi.

Vestland Fylkeskommune har løyva kr 2 000 000,- til Etablerarfond for Bergensregionen 2020. Dette gjeld for etablerarar i kommunane:

Alver kommune

Masfjorden kommune

Askøy kommune

Modalen kommune

Austrheim kommune

Osterøy kommune

Bergen kommune

Samnanger kommune

Bjørnafjorden kommune

Vaksdal kommune

Fedje kommune

Voss kommune

Gulen kommune

Øygarden kommune

 

velykket-grunder (2).jpgAktuelle søkjarar

Målgruppa er etablerarar og ny næringsverksemd som fell utanfor Innovasjon Noreg si ordning med «etablerartilskot til gründerbedrifter med vekstambisjonar og ein forretningsidé som representerer noko vesentleg nytt i marknaden».
Det må vere ny-etablerte verksemder (kan vere frå 2019 dersom ein ikkje har kome i vanleg drift) eller prosjekt som vil føre til etablering av ei verksemd i etterkant av søknaden. Både enkeltpersonføretak, ansvarsselskap og aksjeselskap kan søke.

 

Søknadsbeløp

Det kan søkjast om støtte på inntil kr. 50 000,- Tilskotet vert gitt innanfor rammene av bagatellmessig støtte.

 

Kor kan eg søke

Søknaden må registrerast elektronisk på  regionalforvaltning.no.  Under 'støtteordning' så vel ein «Etablerarfond for Bergensregionen 2020».

 

Krav til søknaden

  • Omtale av tiltaket det blir søkt om tilskot til, inkludert målsettingar for tiltaket og relevans for formålet med tilskotsordninga.
  • Plan for gjennomføring, inkludert aktivitetar, tidsplan, organisering og samarbeidspartnarar.
  • Forventa resultat på sikt mellom anna sysselsetting og omsetning
  • Budsjett for prosjektet/tiltaket med finansieringsplan.
  • Søknadssum.
  • Andre relevante opplysningar søkaren meiner er viktige for søknaden og andre opplysningar som er spesifisert i kunngjøringa.

Søkjaren skal opplyse om verksemda har søkt om, eller mottatt offentlig støtte frå andre aktørar. Når tiltaket/prosjektet er gjennomført skal tilskotsmottakar levere ein kort rapport med dokumentasjon på kostnadene og kva som er gjennomført for midlane.

Prosjekt eller tiltak som det vert søkt om midlar til må vere forankra i ein eller fleire av kommunane i den regionen det vert søkt om tilskot i. Prosjektet skal ha god kvalitet, søkjar skal ha god gjennomføringsevne og etableringa bør på sikt kunne gi minst eitt årsverk.

 

Kva kan eg søke om støtte til?

Tilskot frå etablerarfondet skal bidra til gjennomføring av naudsynte tiltak i tidleg oppstartsfase, og gje gründaren kompetanse om marknad og økonomi. Aktuelle aktiviteter kan vera: Kundeundersøkingar, brukarstudiar og anna kartlegging for å få meir brukarinnsikt, testing og vidareutvikling av forretningsidé, kostnader knytt til nettverksbygging og styrking av kompetanse innan forretningsutvikling. Tilskotet kan ikkje gå til fysiske investeringar. Godtgjersle til eige arbeid vert sett til kr 350,- pr time.

Midlane kan ikkje brukast til:
a) Drift av næringsverksemd eller organisasjonar
b) Kausjon eller annen økonomisk garanti
c) Direkte eller indirekte investeringar i verksemder sin eigenkapital
d) Renter og avdrag på lån og refinansiering av gjennomførte prosjekt


Vilkår for tildeling

Prosjekt eller tiltak som det vert søkt om midlar til må vere forankra i ein eller fleire av kommunane i den regionen det vert søkt om tilskot i.
Prosjektet skal ha god kvalitet, søkjar skal ha god gjennomføringsevne og verksemda som vert etablert bør innehalda minst eitt årsverk og ha ein kommersiell målsetting.

 

Kontaktperson

Bent Gunnar Næss -   bgn@nordhordland.net  - tlf 48 12 46 23.
Nordhordland Utviklingsselskap IKS, epost: post@nordhordland.net