Nyttige lenkjer

Her viser vi deg vegen til nyttige hjelparar du som etablerar eller næringsdrivande kan ha bruk for.

 

www.nh-nh.no
Nordhordland Næringshage AS vart etablert som ein regional næringshage for Nordhordland med Gulen og Solund, august 2012. Næringshagen arbeider med forretningsutvikling med særskilt fokus innan kunst og kultur, kreative næringar og reiseliv.

 

www.industriutviklingvest.no 
Industriutvikling Vest As er industriinkubatoren som vart etablert på Mongstad i 2011. Visjonen til selskapet er at industriinkubatoren skal utvikle ny lønnsom forretningsvirksomhet med utgangspunkt i virksomhetene på Mongstad spesielt og Nordhordland og Bergensregionen generelt.

 

www.gmu.no 
Gulen og Masfjorden Utvikling AS er eit utviklingsselskap for næringslivet i kommunane Gulen og Masfjorden. GMU har kontor i Sløvåg industriområde og skal stimulere til auka vekst for industrien i Sløvåg, så vel som for næringslivet elles i Gulen og Masfjorden. Dei tilbyr etablerarrettleiing.

 

www.jegharenide.no 
Dette er Business Region Bergen v/ Etablerersenteret si informasjonsside. Etablerarsenteret tilbyr liknande grunnkurs i etablering og gratis etableringsrettleiing som det vi gjer. Dei har også ulike påbyggingskurs.

 

www.kom-an.no 
Dette er Hordaland Fylke sin nettside for nyskaping i regionen vår. Her kan du finne eit oversyn over dei som er i hjelpeapperatet for deg som etablerar, lokalt og regionalt. Du finn òg informasjon om finansiering- og støtteordningar som finst i fylket.

 

www.innovasjonnorge.no/hordaland 
Innovasjon Norge tilbyr langsiktig finansiering i form av lån, tilskot og garantiar. Dei jaktar spesielt på personar og forretningsidèar som er nyskapande og som har potensialet for vekst.

 

www.altinn.no 
Her finn du all offentleg informasjon som vedkjem det å starte opp og driva eiga verksemd, og hjelp til regelverk som vedkjem dette. Denne vert bygdt opp av Handel- og Næringsdepartementet. Altinn er også ein portal for innlevering av skjema til det offentlege, her kan du få meldingar frå det offentlege og tilgang til innsynstenester i offentlege registre.

 

www.skatteetaten.no 
Her finn sjølvstendig næringsdrivande informasjon om alt som vedkjem reglar/rettar/pliktar i høve skatt og avgifter.

 

www.nav.no 
Som arbeidsgjevar finn du informasjon om bistand til rekruttering, sjukepenger og oppfølging av sjukemeldte. Driv du eit enkelpersonforetak, finn du her kva rettar du har til sjukepenger og forsikringsordningar i høve til dette.

 

www.arbeidstilsynet.no 
Her finn du alt om arbeidsmiljø- og HMS-arbeid.

 

www.toll.no 
Om du skal importere eller eksportere varer, så finn du informasjon om reglar/avgifter for dette her.

 

www.mattilsynet.no 
Mattilsynet er staten sitt ansvarsorgan for planter, fisk, dyr og næringsmidler. Om du driv innanfor dette, finn du nyttig informasjon om reglar her.

 

www.etablerer.no 
Dette er ei privat nettside som tilbyr gratis nettkurs i etablering av eiga verksemd.

Tips ein ven Skriv ut