Regionrådet Nordhordland

Svært nøgde i Nordhordland

Folk som bur i Nordhordland er betre nøgde med staden dei bur på, enn det som er vanleg for innbyggjarar i Noreg. Det viser resultata frå den ferske Borgerundersøkelsen til Sentio Research AS.

Modalen toppar lista for nøgde innbyggjarar i Nordhordland, men heile regionen kjem også samla ut som ein svært attraktiv plass å bu

-  Nordhordland blir signifikant betre oppfatta som ein god stad å leva og bu enn det som er vanleg i Noreg, slår Arve Østgaard i Sentio Research AS fast. Ut frå ulike indeksar har Sentio Research målt kor tilfredse folk er, på bakgrunn av telefonintervju. Av fem regionar som Sentio hittil har målt, kjem Nordhordland ut som nummer to, kun slått av Værnesregionen.

Nordhordlandsregionen skil seg positivt ut frå Noreg på desse måla:

- “Borgerskåren” – totalvurderinga av kommunane i regionen
- “Omdømme” – samla inntrykk av bustad, tryggleik, demokrati og organisasjon
- “Affektiv tilknytning” – kor sterke kjensler ein har for staden ein bur, oppleving av å høyra til
- “Organisasjonsindeksen” – korleis ein opplever kommunen sin som organisasjon
- “Demokratiindeksen” – tillit til politikarar og prosessar, opplevinga av å bli høyrd

Regionen skil seg derimot noko negativt ut frå Noreg på desse måla:

- “Tjenesteindeksen” – kor nøgd innbyggarane er med ulike delar av tenestetilbodet
- “Bostedindeksen” – kvalitetar ved kommunen som plass å bu, tilbod ut over kommunen sitt ansvar

Det er viktig å understreka at Borgerundersøkelsen ikkje er ei brukarundersøking, men ei måling på korleis folk oppfattar kommunen og staden dei bur på, sjølv om dei ikkje har prøvd ut alle tenester. Undersøkinga inngår dessutan som ein av komponentane i prosessen med å sjå på ny kommunestruktur i Nordhordland, difor har me også stilt innbyggjarane eit spørsmål om synet på ei eventuell kommunesamanslåing, seier styreleiar i Regionrådet Nordhordland IKS, Håkon Matre.

- Resultata viser ingen store overraskingar, men det er likevel ein del tilhøve som gjev grunn til ettertanke og til handling. Mykje er ei stadfesting av det me veit frå før, men eg til dømes overraska over at folk i Gulen er dei som er mest positive til kommunesamanslåing, seier styreleiar i Regionrådet Nordhordland, Håkon Matre. Han meiner at styrken ved undersøkinga er at den enkelte kommune får grunnlag til å ta tak i ting, i tillegg til at totalbiletet av regionen kjem fram.
- Resultata frå undersøkinga vil me blant anna bruka som peikepinn i prosessen med arbeidet med kommunestruktur. Resultata for heile regionen vil me sjå som eit viktig bakteppe i den vidare prosessen kring kommunestruktur-spørsmålet.

Kommunane i Nordhordland er svært ulike i både storleik og økonomisk handlingsrom. Ikkje overraskande kjem dei to minste kommunane, Modalen og Fedje, ut som dei med dei mest nøgde innbyggjarane.  Faktisk toppar desse to kommunane heile landsstatistikken til Borgerundersøkelsen, blant alle kommunar som er undersøkt. Også Austrheim kjem svært godt ut i undersøkinga. Dette gjev likevel berre ein liten del av biletet, og det er nesten umogleg å samanlikna dei ulike kommunane fordi dei har så ulikt utgangspunkt. Samla sett står me overfor ein sterk og god region, meiner Arve Østgaard.
- Nordhordland er ein fenomenalt god region å bu i, seier han, men påpeiker likevel sider det er viktig for kommunane å arbeida grundig med.
- Skal regionen løfta seg som heilskap, er det Bostedindeksen som har størst kraft. Her har Sentio Research overfor mange enkeltkommunar påpeikt  ”mulighet for å driva næringsverksemd” som ein av variablane der mange innbyggjarar peikar på manglar.
- Dette er regionen si hovudutfordring, meiner Arve Østgaard.

Dei regionale resultata frå undersøkinga kan du sjå her

Ordførarane i kvar kommunne kan gjerne kontaktast for vidare kommentarar, det same gjeld Regionrådet Nordhordland og Sentio Research AS.

Kontaktinfo styreleiar Regionrådet Nordhordland, Håkon Matre:
414 66 469
hakon.matre@masfjorden.kommune.no

Dagleg leiar Regionrådet Nordhordland, Elin F. Styve:
977 65 066
elin@nordhordland.net

Kontaktinfo Arve Østgaard, Sentio Research AS:
913 07 024
arve@sentio.no