Bilde1 - helsehuset

Consto AS er tildet oppdraget med å byggja Region Nordhordland Helsehus

Region Nordhordland Helsehus IKS har tildelt entreprenøren Consto AS oppdraget med å byggja helsehuset samt opparbeiding av uteområde på eigedomen. Bygget er på 12 764 m2 BRA, består av 6 etasjar og 3 485 m2 BRA parkeringskjeller. Bygget ligg sentralt i Knarvik og vil vera ein viktig start med å realisera Knarvikplanen.

Konkurransen har gitt eit både kvalitativt og økonomisk godt resultat. Ved kunngjeringa av konkurransen sette RNHI eit pristak på NOK 460 000 000,- eks. mva. Consto AS har tilbydd å utføra oppdraget for NOK 295 000 000,- eks. mva.

Det var stor interesse for oppdraget, og 10 leverandørar søkte om å få delta i konkurransen. Etter prekvalifisering valte RNHI ut fem leverandørar som vart invitert til å gje tilbod. Skanska Norge AS, LAB Entreprenør AS, HENT AS og Consto AS leverte inn tilbod, og det er gjennomført forhandlingar med desse. Consto AS sitt tilbod er totalt sett vurdert til å innehalda det beste forholdet mellom pris og kvalitet samanlikna med øvrige tilbod.

Byggjearbeida skal etter planen starta opp hausten 2018. Consto AS har tilbydt å gjennomføra oppdraget på 27 månadar rekna frå kontraheringstidspunktet som er sett til 6. august 2018. Nøyaktig oppstart av byggjearbeida er litt avhengig av framdrifta i Telenor sitt arbeid med å etablera nytt teleteknisk bygg og mast slik at eksisterande anlegg på helsehustomta kan rivast. Dersom Telenor ferdigstiller dette arbeidet som planlagt, og at totalentreprenøren kan starta opp sitt arbeid i løpet av 2018, skal bygget overleverast i starten av november 2020.

Helsehuset vil vera med å sikra gode lokale helsetenester og leggja rammer for samarbeid og samordning av helsetenestene til beste for innbyggjarane i Nordhordland. Bygget vil innehalde eit breitt spekter av tenester som saman vil vera ein berebjelke i utvikling av tenestetilbodet i tida framover.

Eventuelle spørsmål kan stillast til RNHI ved dagleg leiar Rune Heradstveit,
mobil 907 53 459, e-post: rune.heradstveit@nordhordland.net

Tips ein ven Skriv ut
Fedje storm

Time-lapse film frå Nordhordland

Sykkel-matredal

Pictures from the Past - filmrull frå Eikangervåg

IMG_3973

Fotokonkurranse 2016 - Jakta på Region Nordhordland!

0001-004

Film: From Nordhordland with Love!

Nordhordland luftbilde

Film: Nordhordland, industrien og regionen