EuroMAB 2019

Konferanse for alle biosfæreområda i Europa

Denne veka har ein delegasjon frå Nordhordland vore tilstade på UNESCO sin konferanse for biosfæreområde. I år er biosfæreområdet Dublin Bay i Irland som var vertskap for ein særs vellukka konferanse.

Meir enn 200 menneske var samla i 4 dagar for å utvikle biosfæreprogrammet, delta på ulike workshops, dele erfaring og knyte kontaktar. Med så mange som brenn for berekraftig utvikling i lokalsamfunn samla, vart det mykje å snakke om og travle dagar.

EuroMAB sal.jpgEuroMAB er eit levande nettverk og konferansen er  fundamentert på nettop det.  Det har vore 19 ulike workshop med tema initiert av biosfæreområda sjølve. Dei er strukturert slik at det etter kvar tema kjem ut gode eksempel av tiltak som er gjort, eit sett med forslag til tiltak som kan gjerast innan dette på lokalt nivå i biosfæreområda, samt kva tiltak som ein må arbeide med overordna i UNESCO.

Nokre av temaene har vore: Styrke ungdom i biosfærearbeidet, Partnarskap med forskingsinstitusjonar, marin plastforureining, biosfæreområda rolle for lokalt næringsliv, sirkulær økonomi, utvikle berekraftig reiseliv og mange fleire.

Gjengen i Paris 2.jpgHer ser de den norske delegasjonen på konferansen: frå høgre Jarle Skeidsvoll, leiar i styringsgruppa for biosfæreprosjektet og ordførar på Osterøy, Inger Måren, UNESCO Chair ved Universitetet i Bergen, Peter Emil Kaland, redaktør for Nordhordland sin søknad ved UiB, Ørjan Arntzen, Lofoten Matpark,  Olav Nord-Varhaug, leiar for den norske MAB-komiteen, Kari Evensen Natland og Kjersti Isdal frå NUI.

 

 

Inger Måren har leia ein workshop med temaet "Utvikle dialogplattform for å betre samarbeid / utveksling mellom biosfæreområde og foskingsinstitusonar. "Her kom det fram at informasjonsflyt, openheit, transparens og datadeling er viktige element i dette arbeidet. Vidare vart det foreslått at biosfæreområde bør ha ein fagkomite og at universitet bør trekke biosfæreområde aktivt inn i strategiplanar. Fokus på FNs Agenda 2030 kan knytte dette saman." seier Inger Måren og legg til at workshop'en vart både både nyttig og lærerik.

Dublin bay.jpgDublin Bay fekk også vist fram biosfæreområdet sitt til deltakarane på konferansen, dei har mykje spennande arbeid i gong og mange utfordringar å ta tak i, i eit biosfæreområde som er en del av ein storby. Bildet visar tur til North Bull Island, der dei planlegg å byggje eit visningssenter for biosfæreområdet. Du kan lese meir om Dublin Bay biosfæreområde her.

 

 

 

"EuroMABhar vore særs interessant og inspirerande. Det å møte menneske frå biosfæreområde over heile Europa som arbeidar målretta for ei berekraftig framtid - på kvar sin stad med sine unike prosjekt - motiverar oss i Nordhordland til å ta fatt på vår store oppgåve" seier Jarle Skeidsvoll.

 

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut
Fedje storm

Time-lapse film frå Nordhordland

Sykkel-matredal

Pictures from the Past - filmrull frå Eikangervåg

IMG_3973

Fotokonkurranse 2016 - Jakta på Region Nordhordland!

0001-004

Film: From Nordhordland with Love!

Nordhordland luftbilde

Film: Nordhordland, industrien og regionen