Frå ord til handling

Idéverkstad under Berekraftskonferansen 2020 i Bergen

5. februar var omkring 80 engasjerte menneske samla på det Akademiske Kvarter for å dele idear og gje konkrete innspel til korleis Nordhordland UNESCO Biosfæreområde kan bli ein leiande arena for berekraftig utvikling. Arrangementet var ein del av programmet under Day Zero i Den tredje nasjonale Bærekraftskonferansen ved Universitetet i Bergen.

Tora Aasland.jpgSamlinga vart opna med tre interessante og inspirerande innlegg frå Tora Aasland (leiar i Den norske UNESCO-kommisjonen), Lene Conradi (ordførar i Asker kommune) og Sara Sekkingstad (ordførar i Alver kommune) om korleis sjå berekraftig utvikling i lys av FN sine berekraftsmål, korleis dette kan verke inn på kommunalt planarbeid og korleis vi lokalt i Nordhordland kan ha nytte av statusen som eit UNESCO biosfæreområde.

Bildet visar leiar i Den norske UNESCO-kommisjonen, Tora Aasland (Foto: Arne Abrahamsen)

Så vart folk i regionen, studentar og forskarar utfordra til å sjå for seg eit positivt framtidsbilete (visjon) av Nordhordland om 50 år innanfor tre ulike tema: a. kommunane si rolle i å sørgje for berekraftig utvikling, b. berekraftig hav og c. berekraftig land. Korleis er det i Nordhordland i 2070? Naturen rundt oss og folket som bur her? Og, korleis skal me veksa inn i dette framtidsbiletet? Kva ser me rundt oss i dag som kan vera frø for framtida?

Stort engasjement.JPGNo er alle innspela samla saman -  og vil seinare bli sett saman til ein rapport som kan vise vegar til ei berekraftig framtid for Nordhordland.

 

Arrangementet var eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen v/ UNESCO Chair Inger Måren, Den norske UNESCO-kommisjonen, FN-sambandet og Nordhordland UNESCO biosfæreområde.

 

Bildet  visar stort engasjement kring idéverkstaden. (Foto: Arne Abrahamsen)

Nattevandring - NORAD

Youtube: Nordhordland UNESCO Biosfære

Nordhordland luftbilde

Film: Nordhordland, industrien og regionen

Fedje storm

Time-lapse film frå Nordhordland

Sykkel-matredal

Pictures from the Past - filmrull frå Eikangervåg

0001-004

Film: From Nordhordland with Love!