Frå Paris til Padøy

Klimakonferansen i Nordhordland 15. mars

Det vart ein særs vellukka klimakonferanse i Nordhordland 15. mars på Dampen. Med godt oppmøte, interessante innlegg og ei engasjert forsamling, vart det mykje god kunnskapsutveksling og viktige diskusjonar. Målgruppa for konferansen var administrasjonen og politikarar i kommunane. Du finn innlegga under konferansen her.

Konferansen sette globale utfordringar med klimaendringar inn i eit lokalt perspektiv. Sjå programmet her: Klimakonferanse Nordhordland 15mars 2017.pdf.

 

KVA KAN VI GJERE MED KLIMAUTFORDRINGANE?
Tore Furevik frå Bjeknessenteret for klimaforsking innleia dagen med siste nytt frå klimaforskinga ved senteret. I følgje Paris-avtalen som Norge har signert må vi her i landet frå no og fram til 2030 kutte CO2-utsleppa med omlag 50%. I dette arbeidet må alle sektorar bidra. Furevik peika på alle dei store moglegheitene som ligg i grøn omstilling.

Les innlegget: Kva kan vi gjere med klimautfordringane. v Tore Furevik Bjerknessenteret.pdf

 

PRESENTASJON AV BIOSFÆREPROSJEKTET
Biosfæreprosjektet vart presentert v/ Kari Evensen Natland. Nordhordland kan bli eit modellområde for berekraftig utvikling. Sitat frå Miljødirektoratet i Sverige sin rapport om de svenske biosfæreområdene: "Når agendaen skal implementerast kan det oppstå målkonflikter. Biosfæreområda er stader der slike konflikter kan handterast, der dei vil identifisere og analysere behov for å nå måla, der synergiar vert utforska og der lokalsamfunnet vert inkludert i arbeidet med å søke berekraftige løysingar til utfordringane.

Med små midlar og liten formell makt har dei svenske biosfæeområda oppnådd gode resultat gjennom å koble saman menneske og natur, lokale initiativ med nasjonale strategiar, og ved å stimulere til ny forsking. ...

Rapporten oppsummerar med at:
Deira store erfaring av å arbeide praktisk og integrert med berekraftig utvikling i ein svensk kontekst fjer dei interessante som strategiske område å lære av, støtte, og investere i, når ein skal gjennomføre Agenda 2030 (FNs berekraftige mål) i Sverige."

Les innlegget her: Presentasjon av Biosfæreprosjektet. v Kari Evensen Natland, Nordhordland Utviklingsselskap.pdf

 

KVA KAN VI GJERE I NORDHORDLAND?
Jarle Skeidsvoll, ordføraren i Osterøy kommune tok utgangspunkt i kva vi kan gjere i Nordhordland og meinte at kommunane har moglegheit til å gå føre med gode eksempel. Vi bør ta tak i "r3" som er reduce, reuse and recirculate.

Les innlegget her: Kva skal vi gjere i Nordhordland. v Jarle Skeidsvoll Osterøy kommune.pdf

 

HEILSKAPLEG, GRØN OMSTILLING I EIN KOMMUNE
Ordførar i Eid Kommune, Alfred Bjørlo snakka om arbeidet dei har gjort i Eid  ut frå tittelen: Heilskapleg, grøn omstilling i ein kommune. I tillegg til å snakke om dilemmaene som kan oppstå og vanskelege val for klimavennleg næringsutvikling, trakk han fram to gode døme som Eid har gjennomført:

1. Fjordvarme. Der dei brukar energien i fjordvatnet til oppvarming og kjøling.
2. Grøn finansforvalting. Eid kommune tok initiativ vil at KLP skulle trekke ut investeringan i kol-, olje- og gasselskap. Dette er gjennomført og fleire fonds har følgt etter.

Les innlegget til Bjørlo her:  Heilskapleg grøn omstilling i ein kommune. v Alfred Bjørlo Eid kommune.pdf

 

PRESENTASJON AV HORDAKLIM
Prosjektet Hordaklim var presentert av prosjektleiar Erik Kolstad v/ Uni Research. Dette er eit treårig samarbeid med mål om å gje oppdatert, lokal og relevant informasjon om foventa klimaendringar i Hordaland. Det har vore med seks pilotkommunar: Bergen, Osterøy, Kvam, Kvinnherad, Voss og Odda.
Du kan lese om Hordaklim her: Presentasjon av Hordaklim v Erik Kolstad Uni Research.pdf

 

KLIMAENDRINGANE PÅVERKER KRAFTFORSYNINGA
Truls Tystad v/ BKK fortalde om korleis aukande ver, og då spesielt hyppig ekstremver, skapar utfordringar for kraftforsyninga. Dei har fokus på å ha mange verkty i verktykassa for å kunne både førebygge å setje i gong rett tiltak ved straumbrot. Les meir her: Klimaendringane påverker kraftforsyningane - kva gjer vi. v Truls Tystad BKK.pdf

 

KORLEIS KAN STATOIL MEDVERKE TIL EIN BEREKRAFTIG UTVIKLING I NORDHORDLAND?
Administrerande direktør på Statoil Mongstad, Rasmus Ville, avslutta dagen med korleis Mongstad kan bidra til ein berekraftig utvikling i Nordhordland.
Du kan lese innlegget her: Korleis kan Statoil medverke til ein berekraftig utvikling i Nordhordland. v Rasmus Wille, Statoil Mongstad.pdf

 

 

 

Heilskapleg grøn omstilling i ein kommune. v Alfred Bjørlo Eid kommune.pdf

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut
Fedje storm

Time-lapse film frå Nordhordland

Sykkel-matredal

Pictures from the Past - filmrull frå Eikangervåg

IMG_3973

Fotokonkurranse 2016 - Jakta på Region Nordhordland!

0001-004

Film: From Nordhordland with Love!

Nordhordland luftbilde

Film: Nordhordland, industrien og regionen