Klimabonden

- Klimaklokt landbruk på Vestlandet

Det våte klimaet kombinert med mykje myrjord har alltid gjort at det er krevjande å vere vestlandsbonde. Klimaendringar med meir ekstremver og nedbør i vekstsesongen har gjort det endå vansklegare. Fleire bønder klarar likevel å lukkast sjølv i uår med mykje ekstremver. Kva slags tiltak gjer desse bøndene for å møte klimaendringane og korleis vidareformidle desse erfaringane på ein god måte?

Foto: Laila BjørgeLise og jord

 

 

 

 


Landbrukskontor og rådgjevingstenesta føler ofte at ein manglar verktøy for å formidla kunnskap til bøndene på ein enkel og effektiv måte. Klimatilpassing er eit stort og vidt begrep, og ein trenger praktiske døme for å vise kva dette vil seie. For å nå målet, er det planlagt å formidle dei erfaringsbaserte tiltaka gjennom videosnuttar der ein syner bønder som gjer dette i praksis. Gjennom video kan ein tydeleg få vist både korleis og kvifor ein bør gjere ting på andre måtar for å tilpassa seg endringane i klimaet. Ved å ta i bruk sosiale media og video, kan erfaringsbasert kunnskap frå bønder gjerast tilgjengeleg for andre bønder.

Prosjektet "Praktiske klimatiltak i landbruket i Meland" handlar om klimatilpasning basert på lokale tilhøve. Gjennom prosjektet ønskjer ein å samle erfaringar frå aktive bønder og forsking for å finna praktiske tiltak som har overføringsverdi til andre bønder i kommunen og regionen. Dette har ein gjort via "Klimabonden", ein rekke småfilmar der Klimabonden viser korleis dette kan gjerast i praksis og kva som er lurt å vere bevisste på. Målet er å dele erfaringane og dei praktiske tiltaka på ein lett tilgjengeleg måte til inspirasjon og lærdom for andre.

Prosjektet starta opp hausten 2018 og skal etter planen jobbast med fram til desember 2019. I løpet av prosjektperioden vil forvaltninga, bønder og rådgjevingstenesta gå saman og kartlegge gode klimatiltak for landbruket og formidle desse gjennom videosnuttar. Prosjektet er eit samarbeid mellom Meland kommune, Bønder i Meland, Norsk Lanbruksrådgiving Vest og Nordhordland UNESCO Biosfære, i tillegg til støtte frå Fylkesmannen i Vestland og Hordaland fylkeskommune.

Filmane er publisert på www.youtube.com / kanal: Nordhordland UNESCO Biosfære! 

Kontaktperson for prosjektet er Laila Bjørge, landbrukssjef i Meland kommune.
​Foto: Lise N. Austrheim. 

 

Sjå fullversjon av interaktiv brosjyre her!

Tips ein ven Skriv ut
Nattevandring - NORAD

Youtube: Nordhordland UNESCO Biosfære

Nordhordland luftbilde

Film: Nordhordland, industrien og regionen

Fedje storm

Time-lapse film frå Nordhordland

Sykkel-matredal

Pictures from the Past - filmrull frå Eikangervåg

0001-004

Film: From Nordhordland with Love!