Kurs: Produkt og opplevingar, frå ok til WOW!

Smak av Nordhordland inviterer til nytt digitalt kurs: «Produkt og opplevingar - frå ok til WOW!» i november 2020. Her får du høve til å gå på skattejakt i eiga verksemd og korleis du kan bruke dette til å fortelje historia om produkta / opplevingane du tilbyr.

Eli-Grete Høyvik.pngFor å kunna driva ei verksemd innan reiseliv, lokalmat eller anna, må ein nå ut til kundegrupper og enkeltkundar på deira premissar i rett marknad. Å formidla godt eiga historie har mykje kraft, samstundes som ein vert bevisst det unike ein har å by på. Noko av dette vil du få innblikk i ved å vere med på dette kurset.

Det er inga kven som helst som vi har fått som kurshaldar: Eli-Grete Høyvik er eigar av «Balholm» og «Ciderhuset» i Balestrand. I tillegg er ho førelesar innan dette temaet på Høgskulen for Grøn Utvikling. Med andre ord ei høgt kompetent dame som legg stor vekt på individuell oppfølging for at nettopp du skal få maksimalt ut av kurset.

 

PRAKTISK INFORMASJON

Kurstid:     
19.november: 10.00 - 15.00 (Felles)
26.november: Individuell tid med Eli-Grete (Vert booking av møtetid)
27.november: 10.00 – 12.00 (Felles oppsummering med viktige læringspunkt)

Praktisk: Deltakarane får tilsendt link til kursdagane

Kostnad: Medlem i Smak av Nordhordland: KR 300,- Ikkje medlem: KR 600,-

Plassar: Vi kan ha maksimalt 15 deltakarar

Tema: Historieforteljing

Målgruppe: Lokalmatprodusentar, serveringsstader og reiselivsbedrifter

Påmeldingsfrist: 15.november

Link til påmelding: Meld deg på snarast her

 

 

Kursprogram 2.png

Nattevandring - NORAD

Youtube: Nordhordland UNESCO Biosfære

Nordhordland luftbilde

Film: Nordhordland, industrien og regionen

Fedje storm

Time-lapse film frå Nordhordland

Sykkel-matredal

Pictures from the Past - filmrull frå Eikangervåg

0001-004

Film: From Nordhordland with Love!