Samhandling i helsesektoren

Dette prosjektet er knytt til Regjeringa si omfattande samhandlingsrefom. Prosjektet har som mål å videreutvikle interkommunalt samarbeid, og samarbeidet med spesialhelsetenesta om helsetenester i Nordhordland.

Som eit ledd i arbeidet med Samhandlingsreforma i Nordhordland har Regionrådet fått i oppdrag å gjennomføra prosjekt for å møta dei politiske vedtaka i kommunane om å samarbeida for å utreda kva behov kommunane har for framtidige tenester, utarbeide skisse til løysingar og modellar for organisering av tenester i eit samarbeid mellom kommunane og med spesialisthelsetenesta

Arbeidet skal danna grunnlag for vedtak om modellar for samarbeid og mulig samlokalisasjon av førebyggande, behandlande og akuttmedisinske tenester i tett samarbeid mellom kommune, lokalsjukehus og helseføretak.

Regionrådet er i samarbeid med kommunane og helseføretak i gang med å utarbeide forslag til modellar for samarbeid om utvikling av rehabiliteringstilbod i regionen.

Fokus på kompetansebygging og -utvikling ser ein som eit av hovudtiltaka for å imøtekomma dei framtidige utfordringane innan kommunal helse- og omsorgsteneste. Kompetansebygginga skal byggja på kommunane og regionen sin behov for kompetanse sett i samband med framtidige kommunale helse- og omsorgstenester. Arbeidet med kartlegging og vurdering av tiltak er i gang.

Regionrådet skal utarbeide grunnlag for å gjere vedtak om det skal etablerast Distriktsmedisinsk senter (DMS) for Nordhordland.

Samarbeidsprosjektet er ein del av det samla tenestetilbodet innan kommunane sine helse- og omsorgstenester, og eventuelle nye tenester vert utvikla i tett samarbeid mellom kommunar og spesialisthelsetenesta.

 

Prosjektleiar/kontaktperson: Anne Hildegunn Færøy - tlf.: 56 37 58 84 - ahf@nordhordland.net

 

  • Kommunane har sendt inn høyringsuttale til Ny Folkehelselov og ny Lov om kommunale helse- og omsorgstenester, og til grunnlaget for ny Nasjonal helse- og omsorgsplan. Dokumenta finn du på: https://fremtidenshelsetjeneste.regjeringen.no/
  • Nordhordland Utviklingsselskap IKS har på vegne av kommunane i Nordhordland og Gulen utarbeidd ein felles uttale til dokumenta. Høyringsuttalen finn du i si heilskap på: www.saman.no
Tips ein ven Skriv ut