Stort oppmøte på kurs om jordmassehandtering!

Jordmassar frå problem til ressurs - ta vare på matjorda!

"Jordmassar frå problem til ressurs - ta vare på matjorda" var tittelen på kurset som vart arrangert av prosjektgruppa med same namn torsdag 3. mars. Til saman var det over 50 deltakarar på kurset (jamnt fordelt på dag og kveldstid), som vart arrangert på Dalheim ungdomshus på Hundvin i Lindås kommune. Eit av måla til prosjektgruppa var å nå ut til både bønder og entreprenører, og det same kurset vart halde to ganger på same dag for å gjere kurstilbodet fleksibelt.

Utbygging gjev store overskotsmassar og det er aukande interesse i regionen for å ta i mot desse. Eit av måla til prosjektet som er ansvarleg for kurset, er å heva kompetansen om handtering av jordmassar. Hovudmålet er å forbetre utnyttelsen av massar frå utbygging som ressurs til nytte for matproduksjon/landbruk og samfunn på ein måte som førebygg konfliktar med innbyggarane og miljøet.

Programmet for kurset var variert med ulike tilnærmingar til temaet: alt frå det praktiske arbeidet med jorda, kommunen sin rolle og søknadar, til lovverket og dei viktige definisjonane av reine og ureine massar. Tilbakemeldingane viser at kurset var nyttig og interessant for deltakarane, og fleire anbefalte å ha liknande kurs andre stader i regionen og fylket.

Kurs 3. mars 2016.jpg

 

For å lese meir om prosjektet "Jordmassar frå problem til ressurs - ta vare på matjorda" trykk her.

Tips ein ven Skriv ut
Fedje storm

Time-lapse film frå Nordhordland

Sykkel-matredal

Pictures from the Past - filmrull frå Eikangervåg

IMG_3973

Fotokonkurranse 2016 - Jakta på Region Nordhordland!

0001-004

Film: From Nordhordland with Love!

Nordhordland luftbilde

Film: Nordhordland, industrien og regionen