sykle til jobben

"Sykle til jobben" - kampanje i Alver kommune - og i heile Norge

20. april til 18. juni går den største aktivitetskampanjen i Norge - Sykle til jobben-kampanjen, av  stabelen. 

Alver kommune er med i Miljøløftet, difor får alle innbyggjarar og alle som jobbar i Alver gratis deltaking i kampanjen! Bur du ikkje i Alver kommune? Sjekk om kommunen du bur i også har gratis tilbod. Uansett er dette ein god kampanje for oss alle!

 

 

Kaia Marie Amdal, planleggjar i Alver og ansvarleg for 'sykle til jobben' aksjonen i kommunen, slår eit slag for meir aktivitet i vår: "Sjølv om kampanjen heiter «Sykle til jobben» er det ikkje berre sykkel som kan registrerast. I treningsdagboka kan du logge alt frå frisbeegolf og fjelltur til langrenn og styrketrening. Vi heiar på all aktivitet i kvardagen! " seier ho. I ei tid med mykje heimekontor, inaktivitet og lite sosial kontakt, er 'Sykle til jobben' eit svært godt tilbod for å betre psykisk og fysisk helse. Det er mogleg å registrere enkeltpersonar eller melde på eit lag frå bedrifta. Kanskje kan de ha ein intern konkurranse? - oppfordrar Kaia Marie Amland.

Som ein ekstra gulrot kan deltakarane vinne ei rekkje flotte premiar kvar veke. Her kan du sjå kva premiar du kan vinne

Du kan registrere deg her som deltakar på eit lag (med vener eller kollegaer) eller som individuell deltakar. på denne lenka finn do og meir informasjon om kampanjen.

Amland visar til at kampanjen er i tråd med Alver kommune sin sykkelstrategi som er under arbeid. Den har som mål at fleire skal sykle meir i kommunen. Sykkelreiser til jobben er ein nøkkel for å nå målet.  Finn gjerne fram sykkelen frå garasjen. Vi skal snart ha gratis sykkelservice rundt om i Alver igjen, tipsar Amland. Meir informasjon om Sykle til jobben og sykkelservice finn du her.

Nattevandring - NORAD

Youtube: Nordhordland UNESCO Biosfære

Nordhordland luftbilde

Film: Nordhordland, industrien og regionen

Fedje storm

Time-lapse film frå Nordhordland

Sykkel-matredal

Pictures from the Past - filmrull frå Eikangervåg

0001-004

Film: From Nordhordland with Love!