UTKANTKONFERANSEN 1. april 2019

Tema: Ungdommen vår - ein viktig ressurs no og i framtida!

Måndag 1. april var omlag 160 deltakarar frå kommunar, fylkeskommunar, politi, sjukehus og næringsliv i Hordaland og Sogn og fjordane med fleire samla til UTKANTKONFERANSEN 2019.

Mattias ØhraÅrets tema retta fokus på ungdommen som ein viktig ressurs med mange ferdigheiter. Programmet var variert og innehaldt eit stort spekter av foredrag, faglege innspel og paneldebatt. Sentrale utfordringar og moglege tiltak til korleis samfunnet på ulike måtar kan bidra til å utvikle ungdommen sine ferdigheiter vart belyst frå fleire synsvinklar.

Konferansen vart innleia med eit blikk på ulike perspektiver knytt til ungdomslivet; frå verdas lykkelegaste land tilBjørg-Elin Moen generasjon prestasjon og psykiske utfordringar blant ungdom, og korleis ungdom sjølv bør få kunnskap om psykisk helse og livsmeistring. Konferansen var vidare delt opp i to temabolkar. Første temabolk, "Barn og unge - eit felles ansvar", presenterte tre foredragshaldarar med ulike aspekt på utfordringar og oppfølging knytt til barn og unges oppvekstvilkår i dagens samfunn; sosial ulikheit i helse og barnefattigdom, erfaringar frå MOT-arbeidet i skulane, og overordna trendar kring oppvekst før og no. 

​Andre temabolk, "VerdStrekk i saleniskapning med ungdom som ressurs", hadde eit praksisnært fokus. Mellom anna fekk ein innblikk historiar frå ungdom om utfordringar kring fullføring av VGS og korleis dei fann andre vegar til jobb og karriere, samt fleire døme på korleis lokalt næringsliv kan samarbeide med NAV og andre aktørar for å bli kjent med jobbsøkande ungdom og sikre dei arbeidserfaring og inkludering.

Ressursgruppa i Nordhordland fekk tildelt UTKANTPRISEN 2019 som takk for god hjelp i arbeidet for å gjere utkRessursgruppa+NAVantane i landet vårt til gode stader å leve. 

Helsesista, den digitale helsesjukepleiaren på Snapchat, holdt foredrag om korleis ho kommuniserer med ungdom gjennom sosiale medier og kva ungdom sjølv spør- og kjem med tilbakemeldingar om. Ho oppfordra til å fokusere på kva man vil ha meir av gjennom å "jobbe FOR noe, ikke MOT noe".

Dagen vart avslutta med paneldebatt der panelet og deltakarar diskuterte korleis ein no kan samarbeide på tvers av kommunar, næringsliv og andre aktørar for og med ungdom; Kva tiltak har vi for å følgje opp ungdom før, undervegs og etter endt skulegang? Om målet er at alle skal ha ein jobb som gjev dei meining og inkludering i samfunnet, korleis kan samfunnet saman finne gode og fleksible vegar som sikrar at ungdommar i dag når dette målet? Og kva meiner ungdom sjølv om dette? 
Paneldebatt

Arrangørane ønskjer å takke alle som bidrog til å gjere årets UTKANTKONFERANSE til ein inspirerande møteplass. 

 

Presentasjonar frå konferansen:

 

Tips ein ven Skriv ut
Fedje storm

Time-lapse film frå Nordhordland

Sykkel-matredal

Pictures from the Past - filmrull frå Eikangervåg

IMG_3973

Fotokonkurranse 2016 - Jakta på Region Nordhordland!

0001-004

Film: From Nordhordland with Love!

Nordhordland luftbilde

Film: Nordhordland, industrien og regionen