UTKANTKONFERANSEN 1. april 2020

Velkomen til årets UTKANTKONFERANSE med tema: Leve heile livet - i Nordhordland!

UTKANTKONFERANSEN er ein møteplass for å dela kunnskap, inspirera, diskutera og orientera kvarandre om ulike tema og innan ulike fagområde. På fjorårets konferanse møtte omlag 160 menneske frå heile regionen, både politikarar, tilsette i kommunane, og andre samfunnsengasjerte innbyggjarar.

Årets tema tek utgangspunkt i kvalitetsreforma Leve heile livet i eit regionalt perspektiv, og programkomiteen har lagt opp til eit variert og spanande program!  

 


Tid: 1. april kl. 09:00 - 15:30
Stad: Nordhordland Folkehøgskole, Frekhaug
​Pris: ​300,- per pers
Målgruppe: Politikarar, leiarar og tilsette i kommunar, frivillige organisasjonar og innbyggjarar som er opptekne av temaet.

Påmelding:
Send e-post til Tonje@nordhordland.net
Skriv: Namn, e-postadresse, arb.plass/avdeling, org./ressursnr.
Frist: 18. mars (bindande)

PROGRAM:

08:30 – 09:00 Registrering
09:00 – 12:00 inkl. pause:

Leve heile livet i Alver kommune
Hogne Haugsdal, kommunalsjef samfunnsutvikling Leni Dale, kommunalsjef helse og omsorg

Velferdsteknologi
– betre moglegheiter til å meistre eiga liv

Tone Bye, Pensjonistforbundet

Leve med demens i eit moderne samfunn
Liv Kari Kval, demensrådgjevar i
Vestre Toten kommune

Frivillig arbeid
– kva har det å seie for utviklinga av samfunnet?

Berit Kvalvik, leiar LHL Radøy og tidlegare leiar i frivilligsentralen i Radøy kommune
Per Ole Ekker, Frivilligsentralane i Alver kommune

12:00 – 12:50 Lunsj og Stolpejakt!

12:50 – 15:30 inkl. pause:

Å stimulere til god hjernehelse
Tor Jacob Moe, Psykiater og tidligare overlege
ved NKS Olaviken alderpsykiatrisk sykehus

Seksualitet heile livet
Esben Esther Pirelli Benestad, Lege, Spesialist i klinisk sexologi. Professor i sexologi ved Universitetet i Agder

Ordførarane tek ordet: Korleis følgjer kommunane opp kvalitetsreforma?
Ordførarane i regionen fortel om satsing i eigen kommune. Innleiing og politisk debatt

Avslutning og oppsummering
Torill Eidsheim, stortingsrepresentant,
kommunal- og forvaltningskomiteen

 


 

Nordhordland luftbilde.jpg

Arrangør:
Nordhordland Utviklingsselskap IKS og kommunane i Region Nordhordland
i samarbeid med Utkantlegane,
Ytre Nordhordland Demensforeining,
Fagrådet for kommuneoverlegar,
Frivilligsentralen i Alver kommune

 

Nattevandring - NORAD

Youtube: Nordhordland UNESCO Biosfære

Nordhordland luftbilde

Film: Nordhordland, industrien og regionen

Fedje storm

Time-lapse film frå Nordhordland

Sykkel-matredal

Pictures from the Past - filmrull frå Eikangervåg

0001-004

Film: From Nordhordland with Love!