Vellukka seminar og fersk rettleiar om jordmassehandtering!

Jordmassar frå problem til ressurs - ta vare på matjorda!

Korleis nytta massar frå utbygging som ressurs for landbruk og samfunn på ein god måte for innbyggjarar og miljø? Det har vore hovudproblemstillinga som prosjektgruppa i prosjekt "Jordmassar frå problem til ressurs - ta vare på matjorda" har jobba med det siste året.

IMG_4869.JPGGjennom dialog med både bønder/grunneigarar, entreprenørar, Norsk Landbruksrådgiving i Hordaland, kommunane i Nordhordland, Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Hordaland, har ein funnet og samla gode løysingar kring temaet. Prosjektgruppa har tidlegare i år arrangert kurs for bønder og entreprenørar om jordmassehandtering, som ein kan lese meir om her. I tillegg til kurset, har det vore jobba med to viktige tiltak: seminar for forvaltinga og rettleiar for massehandtering.

Seminar for forvaltninga
Tysdag 27. september arrangerte prosjektgruppa eit felles seminar på Lyngheisenteret i Lindås kommune. Målgruppa var kommunale sakshandsamarar i Nordhordland innanfor plan, byggesak, landbruk  og miljø, men også Bergen kommune, Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland og Bondelaget var representert i samlinga. Åse Vaag, Landbruksdirektør hos Fylkesmannen i Hordaland, opna seminaret med foredraget «Ta vare på matjorda – tverrfagleg samarbeid for gode løysingar».

Programmet for seminaret var variert med ulike tilnærmingar til temaet: frå praktiske erfaringar frå gardbrukarar, oppbygging av jordsmonnet i Nordhordland og søknadar, til lovverket og dei viktigaste definisjonane på reine og ureine massar. – Seminaret gjekk over all forventning, seier Laila Bjørge frå prosjektgruppa. Bjørge, som er landbrukssjef i kommunane Meland og Modalen, fortel om svært positive tilbakemeldingar; både frå seminaret og elles om prosjektarbeidet. Temaet har no fått auka fokus i forvaltinga. – Prosjektet har vore finansiert med skjønsmidlar frå Fylkesmannen i Hordaland, klimatiltaksmidlar frå Hordaland fylkeskommune og omfattande eigeninnsats i prosjektgruppa. Vi takkar for oppdraget og all hjelp vi har fått undervegs i prosjektet!
 

Forsidebilde.png

Fersk rettleiar
Prosjektgruppa er no stolte av å presentere rettleiaren: 
«Jordmassar frå problem til ressurs – ta vare på matjorda». 
Dette er ein erfaringsbasert rettleiar for offentleg forvaltning, og  byggjer på innspel frå ulike fagfelt i Nordhordlandsregionen, frå fylkeskommunen og fylkesmannen, og dei lovverk og føresegner som ligg til grunn i offentleg forvaltning. Prosjektgruppa håper rettleiaren fell i «god jord» hos forvaltning og at ein som sakshandsamer finn god hjelp og støtte i den. Les meir om den her!

 

Les meir om prosjektet her.

 

Tips ein ven Skriv ut
Fedje storm

Time-lapse film frå Nordhordland

Sykkel-matredal

Pictures from the Past - filmrull frå Eikangervåg

IMG_3973

Fotokonkurranse 2016 - Jakta på Region Nordhordland!

0001-004

Film: From Nordhordland with Love!

Nordhordland luftbilde

Film: Nordhordland, industrien og regionen