April - månadens premie

Vinnarbilde får gåvekort hjå Tjore Gardsmat

På Midtre Tjore på Radøy, i eit fantastisk vakkert kulturlandskap, i eit sjarmerande gardstun ligg den vesle verksemda Tjore Gardsmat. Eigar og drivar, Bjørg Skarbø, starta forsiktig opp i 2002 og sel no varene sine som ‘hakka møkk’ på Bondens Marked i Bergen.

Tjore hjortepølser.jpg

- Utgangspunktet mitt var at eg dreiv med ammekyr her på garden og tenkte at eg kunne selje eige kjøt. Då ville vidareforedling av dette kjøtet gje tilleggsintekt på bruket. Medan eg funderte på tanken og la litt ulike planar, tok eg etablerarkurs og diverse temakurs hjå Innovasjon Norge. Eg kjende Magnhild Dyrdal og hennar velrenommerte pølseproduksjon frå før, og eg fekk gå i lære hjå ho. Dette resulterte i at eg starta opp med å lage spekepølser, men med hjortekjøt som hovudråvare.  Og så ville eg lage gode lammerullar, fordi eg fekk aldri tak i lammerullar slik eg ville at dei skulle vere.

No er det full produksjon i det eldste huset i gardstunet. Før ho starta opp fekk Bjørg Mattilsynet til å komme på besøk  og gje ho råd om korleis ho skulle gå fram med å gjere om det gamle huset til produksjonslokale. Dei var hjelpsame og meinte at dette skulle gå veldig fint. Produksjonen starta opp i 2003, same året deltok ho på matfestivalen i Bergen.

- Det var fantastisk moro å vere med på matfestivalen! Eg fekk selt varene eg hadde med, traff mange kjekke folk og storkoste meg. På festivalen vart ho òg kontakta av ein representant frå Bondens Marked som spurde om ho ville vere med og selje varer der.  - Eg tenkte det var greitt å prøve. Etter at eg var med første gongen der, har eg vore på Bondens Marked i Bergen kvar einaste gong.

 

I dag er det grillpølsene Bjørg Skarbø sel mest av og er best kjend for. Kvar marknad sTjore pølser.pngteikjer ho og sel om lag 250 – 300 pølser direkte frå grillen og vel 60 kg pølser i pakkar. – Dei siste åra har eg òg deltatt på matfestivalen i Oslo. Der har eg med meg 18 kassar med pølser og steikjer 1500 pølser på to dagar. Dette vert om lag 400 kg til saman! I fjor vart eg nominert til beste stand i Oslo. Eg vann ikkje prisen, men det var utruleg kjekt å bli nominert, smiler Bjørg.


Korleis kom grillpølseproduksjonen i stand? - Eg opplevde at det var ganske greitt å få solgt stykningsdelar  som biff, indrefilet og høgrygg. Alt det andre gode kjøtet var det verre med, og det er begrensa kor mykje kjøttdeig ein kan selje. Det var derfor eg fekk ideen om å starte med pølseproduksjon -gode biffpølser med godt krydder og andre gode smakar. Då tok eg kontakt med Bønes Gårdsmat, og saman utvikla vi ulike oppskrifter. Dei produserte pølsene mine og eg selde dei. Då Bønes fekk meir å gjere, fekk eg opplæring hjå dei og har sidan produsert pølsene mine sjølv. Produksjonen har ho fått begrensa på ein naturleg måte: - Eg kjøpte den største koke- og røykeskap som eg kunne få inn gjennom døra i det vesle huset her!

Å lage pølser er ein mTjore produksjonslokale.jpgøysommeleg prosess. Først må sjølve pølsedeigen lagast og stappast inn i tarmane, før sjølve koke- og røykeprosessen tek til. I skapet skjer både koking, røyking og avkjøling. Heile den prosessen tek om lag to timar. Så må lokalet på nytt klargjerast for å pakke pølsene. Alt dette skjer i eit lite rom på om lag 15m2.

- Det er klart at eg kunne hatt ein meir strømlinjeforma produksjon dersom eg hadde eit anna lokale. Då kunne eg ha produsert meir, for eg veit at eg kunne selt  meir. Men, sånn som det er no, er eg godt nøgd. Då eg starta opp her skulle dette vere ei lita tilleggsnæring. På den tida var ikkje folk så opptatt av lokalmat og rein mat slik som dei er i dag. No har fleire tatt kontakt for å få varene mine ut i butikkane, men det har eg ikkje kapasitet til - og det er heilt greitt. Eg sel varene mine i Bergen, på matfestivalar i Oslo og ein god del her heimafrå. Dette gjev meg ein god omsetnad og eg får fast løn – då får det vere bra!


Kva er du aller mest nøgd med? – At eg starta opp! Eg hadde jo ærleg tala ikkje så god kunnskap om alt, men eg tok sjansen og vegen vert jo til medan vi går, seiest det. Eg har fått utvikla meg, produksjonen og varene mine har utvikla seg og eg har lært utruleg mykje undervegs. Og så er eg stolt over å ha skapt ei lønsam bedrift.

I dag er drifta på garden lagt om og neste generasjon har overteke og driv med spelsau. Desse går naturleg til vidareforedling i gardsmaten til produksjon av pinnekjøt, spekekjøt, lammerull og lammepølser. Alt pinnekjøt blir selt direkte frå garden.

 

Kva er det som driv deg? – Gleda! Det er så mykje glede i det å skape noko sjølv, i all positiviteten eg møter på min veg, og blant kollegaene mine på Bondens Marked. Dette er verkeleg eit triveleg arbeid! Sjølv om eg er aleine om det og det av og til kjennest einsamt, så er det jo utruleg moro.

Kva tenkjer du er fortrinna dine? – Det må vere vilje. Ein må ha vilje og oppriktig interesse for det ein skal drive med. Det er det som har vore suksessen for meg i alle fall. Det er veldig mykje jobb, og ingenting kjem til av seg sjølv, så eg meiner dette er grunnleggande.

Bjørg Skarbø avsluttar med Tjore vår.jpgeit lite hjartesukk:

 - Det kan då ikkje vere berre olje og industri vi skal ha i Nordhordland? Eg synes at folk i Nordhordland må bruke fantasien sin meir og sjå på dei flotte ressursane vi har rundt oss. Tatt i bruk på rett måte finst her uante moglegheiter for den som ønskjer å skape sin eigen arbeidsplass. Når eg har klart å skape ein lønnsam bedrift her på Midtre Tjore, ja då må det vere fleire som kan!