Hjem  /  Utforsk  /  Kulturlandskap  /  Byggeskikk
KI_steinhus Eva Røyrane Oddleiv Apneseth
Oddleiv Apneseth og Eva Røyrane skriv bok om steinhusarkitekturen i Nordhordland (foto: Kjersti Isdal).

Steinhusarkitekturen i særstilling i Nordhordland

Nytt bokprosjekt frå Eva Røyrane og Oddleiv Apneseth

Steinhusarkitekturen i Nordhordland er unik. Det skal no dokumenterast. Truleg vert det både bok og utstilling.

Eva Røyrane (forfattar/journalist) og Oddleiv Apneseth (fotograf) er no i avslutningsfasen med eit prosjekt for å dokumentera steinarkitekturen i Nordhordland. - Denne regionen er spesielt rik på steinmura bygningar samanlikna med andre stader i landet, fortel Eva Røyrane.

Eva Røyrane og Oddleiv Apneseth er aktuell med boka Noregs låver (2014), der dei har dokumentert den rike bygningsarven av fjøs og låver over heile landet. - I etterkant av arbeidet med boka, spurde Landbruksdirektøren i Hordaland om vi ville sjå nærare på landbruksbygningar i dette fylket, fortel Eva Røyrane. - Vårt forslag var då å dokumentera steinarkitektur i Nordhordland. På vår reise landet rundt merka vi oss spesielt dei mange steinmura bygningane i kommunane nord for Bergen. Dei representerer ein unik og spesielt verdfull bygningsarv. Vi synest denne arven fortener større merksemd.

I sin foreløpige rapport om steinhusa i Nordhordland skriv dei: «Steinhusa er kulturminne og historieforteljarar i kulturlandskapet, dei er identitetsmarkørar i sin region og dei er i dag ein til dels unytta ressurs. Med auka merksemd og ny bruk kan desse bygningane bli attraksjonar som løftar fram og skaper ny aktivitet i det historiske lyngheilandskapet.»

- Vi vil gjerne dokumentera steinhusa slik dei står i dag, seier ei engasjert Eva Røyrane. -Gjennom tekst og bilete vil vi fortelja historia om ulike typar uthus, bustadhus, jordkjellarar og steingardar som heilt eller delvis er bygde i stein. Det vil handla om byggjemåten, om bruk, vedlikehald og om korleis eigarar har gjort om ein del av desse husa til ny bruk.

Resultata av arbeidet får me truleg sjå i ei ny bok om ikkje så lenge, og kanskje og ei vandreutstilling med bilete. Eva Røyrane tek gjerne i mot tips dersom du veit om spesielle byggverk i stein. Ta kontakt på e-post: evaroyrane@gmail.com.