P1050217
UNESCO hovudsøknad er levert til ordførarar og samarbeidspartnarar. Foto: Kjersti Isdal

No er UNESCO Hovudsøknad tilgjengeleg

Nordhordland sin søknad om å bli eit UNESCO biosfæreområde

Artikkel frå lanseringsdagen av søknaden:
Klima og miljøminister Ola Elvestuen har no formelt sendt søknad til UNESCO om anerkjenning av Region Nordhordland som Norge sitt første biosfæreområde. Dette er ein status som UNESCO gir til kvalifiserte område som vil forplikte seg til å satse på berekraftig utvikling. Utnemninga vil kunne få store positive ringverknader både for folk og næringsliv i regionen. Søknaden skal handsamast i UNESCO i løpet av våren. Endeleg vedtak vil komme i slutten av juni.

Måndag 4. februar kunne regionrådsleiar Karstein Totland invitere ordførarar og representantar for Universitetet i Bergen til ei aldri så lita feiring ved NUI sitt kontor på Knarvik. Det var for å markere at UNESCO no er i gang med å handsame søknaden om biosfærestatus for regionen.  – Dette er ein viktig milepæl i arbeidet med å etablere Nordhordland som Norge sitt første biosfæreområde, sa Totland som kunne overrekke den nesten 300 sider lange biosfære-søknaden til sine ordførarkollegaer. Alle kommunane i regionen støtter initiativet. Du kan lese søknaden, som er skrive etter UNESCO sin mal for slike søknader, her.

Karstein Totland 040219[1].JPG 
Karstein Totland, leiar i Regionrådet i Nordhordland

Elvestuen trur på positivt vedtak
Søknaden vart formelt sendt til UNESCO frå Klima og miljøminister Ola Elvestuen like før jul – etter ein grundig gjennomgang der folk frå fleire departement var involvert. – Dette er eit solid stykke arbeid, og på same måte som regionrådet ventar eg i spenning på handsaminga hos UNESCO, seier Elvestuen.
Han seier at  Norge med dette kan bli del av eit stort internasjonalt nettverk for berekraftig utvikling.  Som eit av dei første landa i verda har Norge vedteke at vi skal rapportere korleis FNs berekraftsmål skal følgjast opp, seier han. Regjeringa si satsing på MAB-programmet (Man and the Biosphere» program) kan bli ein viktig del av dette, og  Nordhordland vert venteleg det første. Viss dei lukkast her, vil truleg fleire andre regioner søke om status som biosfæreområde.

Det grøne skiftet
«MAB-programmet er ei viktig satsing for UNESCO. Det er i dag nærare 700 biosfæreområde i verda, og til saman utgjer dei eit landområde som er på storleik med Kina. Biosfæreområda er ulike, men har det til felles at dei har forplikta seg til berekraftig utvikling.

– Region Nordhordland står framfor store utfordringar – mellom anna på grunn av omstilling i oljenæringa. Vi trur at biosfæresatsinga vil kunne bidra positivt til dette grøne skiftet, seier leiar i Regionrådet, ordførar i Masfjorden, Karstein Totland. – Vi er opptekne av å behalde og vidareutvikle den kompetansen vi har i regionen og ønskjer ei utvikling som er berekraftig og framtidsretta, men som på same tid tar vare på kulturen og identiteten vår, seier han.

Viktig satsing for Universitetet i Bergen
Arbeidet med biosfære-søknaden har vore gjort i tett samarbeid mellom Regionrådet og Universitetet i Bergen. Nordhordland har alltid vore viktig, ikkje minst for den marine forskinga ved UiB. At det vert etablert eit UNESCO biosfæreområde i regionen er derfor positivt også for universitetet. - Berekraftig utvikling har blitt stadig viktigare for Universitetet i Bergen, fortalte instituttleiar Ørjan Totland. - Det har vore ei glede for oss å kunne bidra til utvikling av søknaden. Vi ser fram til eit enda tettare samarbeid etter at biosfæreområdet er etablert, sa han.

Orjan Totland 040219[1].JPGPeter Emil Kaland 040219[1].JPG 
T.v: Ørjan Totland Instituttstyrar for Biologi v/ UiB. T.h: Peter Emil Kaland, redaktør for søknaden, UiB.

Ønsker engasjement
Søknaden som er sendt til UNESCO viser korleis Nordhordland skal kunne innfri krava som vert stilt til eit biosfæreområde, og trekker opp rammene for satsinga. Men den går ikkje i detalj om kva for eit mandat som skal gjelde for biosfæreorganisasjonen og kva for nokre aktiviteter som skal etablerast. Det skal både politikarar, næringsliv og folk flest i regionen bidra til. I løpet av året skal det arrangerast møter i alle dei 11 kommunane.  – Vi håper på eit breitt folkeleg engasjement, seier leiar for styringsgruppa i biosfæreprosjektet, ordførar i Osterøy, Jarle Skeidsvoll. - Biosfæreprogrammet er først og fremst ein stor mogelegheit. Det i stor grad opp til oss korleis vi grip denne mogelegheita, seier han.

Jarle Skeidsvoll 040219[1].JPG 
Jarle Skeidsvoll, leiar for styringsgruppa i biosfæreprosjektet.

 

Alle foto: Inger Måren / Kjersti Isdal