Prosjekt og aktivitetar

Bli ein del av biosfæreområdet si satsing!

Har du eit godt prosjekt eller ein spennande aktivitet som du ønskjer skal vere ein del av biosfæresatsinga? Då vil vi ha kontakt med deg!

I eit biosfæreområde skal det folkelege engasjementet for bygda, for næring, for natur og kultur, for samfunnsutvikling generellt, løftast fram. Og slike initiativ finst det mange av i regionen vår. Har du, verksemda, laget/organisasjonen eit prosjekt du meiner vil støtte opp under "biosfæretanken"?

Vi vil gjerne ha mange gode tiltak rundt om i regionen som støtter satsingsområda i Nordhordland UNESCO biosfæreområde:

  1. Levande lokalsamfunn
  2. Natur, klima og miljø
  3. Kunnskap og læring
  4. Grøn verdiskaping
  5. Møteplassar og kommunikasjon

Ta gjerne kontakt og informér oss!   Om du treng hjelp, diskuterar vi gjerne igangsetting, organisering, prosjektplan, marknadsføring, finansiering og anna... Gode prosjekt som høyrer til her vert marknadsført på nettsiden vår.

verdas lengste sjømatbord.jpg

Bildet er frå 'Verdas lengste sjømatbord' arrangert i Lindåsbygda.