UNESCO sitt biosfæreprogram

Modellområde for berekraftig utvikling

UNESCO har mange arbeidsoppgåver dei søkjer å finne gode løysingar til. Tidleg på 70-talet vart det vedteke eit program dei kalla 'Man and the Biosphere' (MAB). Programmet skulle bidra til å finne berekraftige løysingar på dei store utfordringane verda sto ovanfor, som befolkningsvekst, klimaendringer, politisk uro i verda, mm.

Programmet har som mål å oppnå langsiktig berekraftig bruk av jorda sine ressursar. For at dette skulle breie om seg vart det bestemt at det skal utnemnast modellområde som skal vise gode eksempler på berekraftig bruk - Biosfæreområde.

Krav som UNESCO stiller til eit biosfæreområde:

  • Drifta av eit biosfæreområde krev aktiv medverknad av lokalbefolkninga
  • Initiativet skal komme frå området sjølv, det skal ikkje kunne utnemnast frå statleg hald.
  • Fokuset skal vere på berekraftig bruk av natur- og kulturressursar av omsyn til kommande generasjonar
  • Dette skal vere eit modellområde der heile lokalsamfunnet samarbeidar med styresmakter, næringsliv og forskingsinstitusjoner for å fremme berekraftig utvikling og
            - Tilpasse dei sosiale, kulturelle og økonomiske forholda
            - Redusere tap av ikkje fornybare ressursar og biologisk mangfald
  • Områda skal vere representative for ein region; det må finnast eit levande lokalsamfunn, variert kultur- og næringsliv og ulike natur- og kulturlandskap.

Ved inngangen til juli 2019 finst det 701 biosfæreområde i 124 land