Skjerjehamn oversikt

Desember - Månadens premie er frå Skjerjehamn

Premien i fotokonkurransen i desember, er middag for to på Skjerjehamn

Lengst nordvest på Sandøy ligg Skjerjehamn. Staden ligg i skipsleia gjennom Gulen som går mellom Sandøy og Mjømna. Det er eit historisk sus over Skjerjehamn - her skapar dei historie og lever i historia. Handelsstaden har vore der frå gamal tid. Hovudhuset, slik det står i dag, vart reist i 1891. I tillegg til gjestgiveri, har det mellom anna vore drive butikk, postopneri, telegrafstasjon, nothenge/barkeri, slipp/mekanisk verkstad, trelastlager og dampskipsekspedisjon.

21. desember 2016
tråppogard

November - Månadens premie er frå Troppå Gard!

Fotografen av vinnarbildet får gode kjøtprodukt frå lukkelege lam på Holsnøy!

Dei hadde lagt den over tolv år lange draumen om gardsliv på is. Dei fann aldri den rette garden. Huset i Bergen fekk ei totalrenovering og dei slo seg til ro. Det var sjølvsagt akkurat då, ved frukostbordet ein søndag morgon, dei såg salsannonsa for garden i Meland. Dei tok turen som ein søndagsutflukt, berre for å sjå. Då dei kom køyrande og så Troppå Gard, var dei alle samde: Her vil vi bu!

01. desember 2016
logo

Oktober - Månadens premie er gåvekort frå Fjordslottet Hotell!

Vinn overnatting for to personar inkl. frukost til ein verdi av 1095,-!

Innerst i Fotlandsvågen på Noregs største innlandsøy ligg Fjordslottet Hotell med sitt unike særpreg og nasjonalromantiske glød. Vertskapet og eigarane Ann og Christian Bolstad ønskjer å tilby det aller beste til sine gjestar.

28. oktober 2016
stordalen fjellstove sol

September - Månadens premie

Gåvekort frå Stordalen Fjellstove til vinnaren!

Høgt til fjells, i eit mektig landskap ligg Stordalen Fjellstove. Her kjem du til ei heimekosleg og varm fjellstove som ligg flott til ved Stordalsvatnet. Vertskapet kan by deg på skikkeleg mat og ei god seng. Og utanfor er det uendelege fjellvidder der du kan gå på merka stier med historisk sus.

27. september 2016
Tveiten_logo

August - månadens premie

Vinnarbilde får gåvekort hjå Tveiten bær og gardsprodukter!

Nyplukka bringebær, ferske glas med syltetøy og gele, og blide, imøtekommande ansikt er kva ein kan møte på garden til Trude Isdal Fosse og Thomas Krossøy Fosse på Tveiten i Alversund. I Prestebrekka ligg garden som har vore i familien til Thomas i fleire generasjoner. Den ligg idyllisk til mellom grøne trær, nyslått gras og sjø. Eit godt dyrka landbruksområde syner om generasjonar med hardt arbeid, og det aller første som møter ein i dag er lange rekker, heile 70 meter, med raude, modne bringebærbuskar.

24. august 2016