Eit internasjonalt nettverk

Ved inngangen til juli i 2019 finst det 701 biosfæreområde i til saman 124 land i verda. I Europa finst det 255 område i 36 land. Dette er eit verdsomspennande nettverk! Nordhordland vart 19. juni 2019 utnemnd som eit UNESCO Biosfæreområde, og vart med det det føste i Norge. Norge er det 36. landet i Europa som har slike område - no er det Belgia og Island som manglar på lista. Då Nordhordland vart utnemnd var vi biosfæreområde nr. 700.

Alle biosfæreområda er ulike og unike. Det er fordi alle tek utgangspunkt i sine ressursar og sine utfordringar og søkjer gode berekraftige løysingar for sine innbyggjarar og etterkomarar. Felles for dei alle er at dei søkjer å finne løysingar der lokalbefolkninga, styresmakter, næringsliv og forskingsinstitusjonar saman har dialog og tek grep om den ønskte samfunnsutviklinga.

Stort areal
Programmet har vekse seg stort og den kraftigaste veksten i medlemsland og biosfæreområde har skjedd dei siste 20 åra, etter at dei globale utfordringane har vorte større, Om ein ligg alle biosfæreområda saman utgjer det eit areal på meir enn 100 millionar km- dette er eit areal større enn Kina! Alle dei store økosystema er omfatta og den store økologiske diversiteten er integrert med kulturell diversitet.
Det bur meir enn 170 millionar menneske innafor biosfæreområda.

Utveksling mellom biosfæreområda
Det er ein intensiv kunnskapsutvekling mellom biosfæreområda. Ein enorm database er bygd opp av områda, lokalisert i UNESCO. I Europa samarbeider område på mange ulike plan, på mange ulike måter og på svært mange ulike felt. Det er også naturleg å samarbeide om EU-prosjekt.

Nordisk samarbeid
I Sverige har dei 5 biosfæreområde og 2 til er under utvikling. I Finland har dei 2 og i Danmark har dei 1 område. I utviklinga av biosfæreprosjektet i Nordhordland har vi hatt særs god hjelp og støtte frå våre naboar. Det finst eit nettverk, NordMAB, som består at nordiske, canadiske, baltiske og britiske biosfæreområder. Nettverket har ulike samarbeidsprosjekt saman og har møte kvar haust. Nordhordland har delteke i nettverket sida 2013 og var vertskap for NordMAB i 2016.

Bilde 18.10.2016, 12.57.19_1366x1025.jpg