August - månadens premie

Vinnarbilde får gåvekort hjå Tveiten bær og gardsprodukter!

Nyplukka bringebær, ferske glas med syltetøy og gele, og blide, imøtekommande ansikt er kva ein kan møte på garden til Trude Isdal Fosse og Thomas Krossøy Fosse på Tveiten i Alversund. I Prestebrekka ligg garden som har vore i familien til Thomas i fleire generasjoner. Den ligg idyllisk til mellom grøne trær, nyslått gras og sjø. Eit godt dyrka landbruksområde syner om generasjonar med hardt arbeid, og det aller første som møter ein i dag er lange rekker, heile 70 meter, med raude, modne bringebærbuskar.

Tveiten_bringebærrekker.jpg

– No har vi endeleg fått opp tunellane. Dei har gjort ein stor forskjell når det kjem til bærplukkinga, seier Trude. Det ho viser til er plasttunellar som strekker seg over bærrekkane og beskyttar mot rufseværet. – Dette er eit samarbeid vi Tveiten_plasttunell.jpghar hatt med Landbruksrådgjevinga og Hordaland fylkeskommune og er dei einaste av sitt slag. Dei har berre vore nytta i jordbærproduksjon til no. Dette er ein modell som er tilpassa bringebær, fortel Trude om tunellane som er siste nytt på garden. Sjølv om det er fleire draumar og mål som ligg på vent, har mykje skjedd på kort tid for Tveiten bær og gardsprodukter.


Sommarens bringebærsuksess

Ein draum om å produsere meir mat på garden, mykje god støtte frå Landbrukskontoret i kommunen, hjelpsame familie og vener, og ei indre drivkraft, var det som skulle til for å seie opp ein trygg jobb og satse på noko nytt. – Vi ønskte ha ei bi-inntekt på garden, men kostnadane med å investera i nye driftsbygningar vart for stor i første omgang. Vi tok då kontakt med landbruksrådgivinga og spurde om råd kva vi kunne nytta områda til, seier Thomas som fortel at dei valde å satsa på bringebær i første omgang. – Vi planta i 2014 og hadde første avling sommaren 2015. Første avling er alltid liten, så vi var veldig spente på korleis det vart i år, fortel Thomas. – Etter at eg slutta på jobben, starta eg på gartnarskulen i Ulvik. Eg vart ferdig i vår og jobbar no fulltid på garden. Likevel måtte vi ha med oss sesongarbeidarar i sommar; så mykje bringebær var ei gledeleg overrasking, seier Trude.

STveite_bringebær.jpgtore avlingar av bringebær til tross, det er enno ikkje fullt på lageret. Førespurnaden etter bringebærproduktar frå Tveiten bær og gardsproduktar er stor. – Det er framleis litt tid før sesongen er over, men vi har allereie seld 1 tonn med bær til no. Folk kjøper både esker og kassevis med nyplukka bringebær, og bringebærsyltetøyet er særleg populært, fortel Trude og viser fram esker med etikettar produsert av lokale trykkeri.


Frå Facebook til gardsbutikk

Marknadsføringa skjer stort sett gjennom Facebook-sida og på folkemunne. Ny og synleg logo er og på plass. – Det er viktig for oss å vere synlege og imøtekommande. Det gjer vi ved å vere aktiv på Facebook og å ta imot alle som ønskjer å komme til gards for å kjøpe produkta. Vi har og sal på Seimstrand , Kulinarisk og Matkroken i Knarvik, Feste nærkjøp og Mathallen i Bergen, fortel Trude. Tveiten bær og gardsprodukter var og å finne på Lokalmatbordet i juni på Lindås brygge. – Det er kjekt å vere med på slike arrangement, då kan vi treffe kundane våre og vise fram produkta våre, seier Trude, og Thomas fortel at dei har også lyst å delta på bondens marknad og fleire liknande messer.

Snart er ein ny draum realisert: ein eigen gardsbutikk i fjøset på garden. Der er allereie kjølerom, lager og kjøkken på plass, og butikkrommet begynner å ta form der det historiske preget er ivaretatt. – I gardsbutikken ønskjer vi å ha fast utsal nokre dagar i veka og ei og anna helg. Det hadde og vore kjekt å arrangere sesongrelaterte arrangement der, fortel Trude engasjert. I hyllene vil ein i tillegg til bærprodukta, finne gardsegg frå nærmiljøet og andre gode lokalmatprodukter. Ikkje minst; heimelaga, nysteikte brød – og bakevarer. – Tenk å komme innom ein gardsbutikk etter jobb og kjøpe nysteikte brød til middag og kvelds, fortel Trude draumande og Thomas nikkar einig; – Og ikkje gløym kransekaka!


Å bli god på ein ting om gangenTveiten_Thomas og Trude.jpg

Paret på garden er stolte over det dei har fått til så langt, og over familien og nærmiljøet som stiller opp og bidrar til det dei treng hjelp til. – Drivkrafta byggjer mykje på viljen om å få til noko og tørre å ha tatt det steget, seier Trude. – Å drive matproduksjon lokalt og å vere ein plass det er kjekt og personleg å komme til, er viktig for oss. Saman klarer vi å bli god på ein ting om gangen og utvikle oss i eit riktig tempo.

Garden leiger i tillegg ut lokalar til ølproduksjon av merket «Bikkja», som Thomas og tre andre nabokameratar står bak. – Det heile starta som ein hobby og det var litt tilfeldig at det vart slik det vart, seier Thomas om mikrobryggeriet, som allereie har fleire utsalsstader til tross for småskalaproduksjonen. – Vi produserer når det passar for oss, men har nok på lager til å levere til mellom anna butikken Matkroken i Knarvik og serveringsstaden Humlen i Bergen.


Framtidsplanar

Planane framover er mange og nye prosjekt er i gang. – Akkurat no eksperimenterer vi med ulike grønsaker, noko vi opplever som ein mangelvare i lokalmatmarknaden. Etande pynteblomstar er og kjekt å bruke, i tillegg prøver eg stadig ut nye kombinasjonar av bær til syltetøy og gele, fortel Trude og håper at slike nisje-produkt ein ikkje finn andre stader kan vere interessant for kundane. – For meg er det viktig å samarbeide med andre produsentar og utsalsstader i regionen. For mange er vi kanskje konkurrentar, men eg trur at vi saman kan gjere kvarandre gode. Slik kan vi medverka til eit breiare tilbod av lokalmat i regionen, smiler Trude stolt. I løpet av hausten opnar gardsbutikken og det er ingen tvil om at dette vert ein koseleg stad å besøke, både for store og små. – Garden og produksjonen har vore eit generasjonssamarbeid, og vi håper det personlege pregar staden til å vere ein plass det er kjekt å komme til.

Tveiten_grønsaker.jpg


 Besøk Facebook-sida til Tveiten bær og gardsprodukter for kontaktinfo!

​  
 Les meir om fotokonkurransen 2016 her!