Blåbærtur m barn_Kjersti Isdal

Ver med oss på ei ferd gjennom Nordhordland sitt rike landskap, frå hav til fjell, skapt over generasjonar. Sjå vår unike kombinasjon av ressursar, og eit mangfald som er her for deg og meg å bruke. Kjenn på heimstadkjensla di!

Bruken av ressursane våre er i endring. Korleis skal vi sikre at dei neste generasjonane i Nordhordland får det like godt som oss? Ved å bruke det beste frå fortida, saman med kunnskapen vi har i dag, kan vi gjere kloke val for framtida. Som eit Unesco biosfæreområde veljer vi gode berekraftige løysingar.

Nordhordland vert knytt til eit verdsnettverk av Unesco biosfæreområder. Vi får tettare dialog mellom forskarar, næringsliv og lokalbefolkning. Regionen vert inspirert til å aktivt bygge nettverk på tvers av fagmiljø og geografi.