Bli med å kåre vinnar av fotokonkurransen for heile 2016!

Tur for to til Paris!

No kan DU vere med å kåre vinnaren. Kåringa foregår slik: Gå inn på facebook-sida til Nordhordland biosfæreområde. Her ligg ein artikkel med dei ti bilda som har vunne månedspremie. Gå inn i artikkelen og gi likes til dine favorittbilde. Det er åpent for avstemming fram til 5.februar. Dei tre bilda som får flest likes blir sendt vidare til juryen for endeleg avstemming.

Prosjektet Nordhordland biosfæreområde har arrangert fotokonkurranse kvar månad i 2016. Alle månedsvinnarane er automatisk med på trekninga av hovudpremie. Hovudpremien for heile 2016 er ein tur for to til Paris, reise og opphald i to netter. Premien inkluderer privat omvising i UNESCO-bygninga der ein mellom anna kan lære meir om biosfæreområda rundt omkring i verda. I tillegg er det inkludert middag for to på ein lokalmat-restaurant i Paris.

Premiane kvar månad har er gitt frå lokale mat- og reiselivsverksemder i Nordhordland. Vi ønskjer å løfta fram desse flotte verksemdene, som Nordhordland har all grunn til å vera stolte over! Du finn intervju med desse nettsidene våre her.

Oversikt over vinnarbileta:

1_Bente Semmingsen Fivelsdal_Skitur Lauvås.jpgFebruar: "Skitur på Lauvås", foto: Bente Semmingsen Fivesdal.

Heidi Johansen Mongstad_Nordlys over Hella.jpgMars: "Nordlys over Hella", foto: Heidi J. Mongstad.

Heidi J Mongstad_ved Toskavegen.jpgApril: "Kajakktur ved Toskavegen", foto: Heidi J. Mongstad.

Bente Semmingsen Fivesdal_Marie på Gavelen Krossøy.jpgMai: "Marie på Gavelen", foto: Bente Semmingsen Fivesdal.

Rita Sæle Langeland_Messi på sauesanking.jpgJuni/Juli: "Messi på sauesanking", foto: Rita Sæle Langeland.

Linda Sæle Kjenes_Ole og David i vikingskipet_vikingferd ved Fedje.png​August: "Ole og David i vikingskipet", foto: Linda Sæle Kjenes.

Marius Flemmen Knudsen_Villsauer på Gripen gard_Meland.jpg​September: "Villsauer på Gripen gard", foto: Marius F. Knudsen.

Joachim Vedå_Osterøy.jpgOktober: "Osterøy", foto: Joachim Vedå.

Linda Sæle Kjenes_den første skituren_Sagstadveien Meland[1].jpgNovember: "Den første skituren", foto: Linda Sæle Kjenes.

Anders Eidsnes_Orions belte_nattbilete frå skiløypa i skogen på Eikanger.jpgDesember: "Orions belte", foto: Anders Eidsnes.