Skjerjehamn 1

Desember - Månadens premie er frå Skjerjehamn

Premien i fotokonkurransen i desember, er middag for to på Skjerjehamn

Lengst nordvest på Sandøy ligg Skjerjehamn. Staden ligg i skipsleia gjennom Gulen som går mellom Sandøy og Mjømna. Det er eit historisk sus over Skjerjehamn - her skapar dei historie og lever i historia. Handelsstaden har vore der frå gamal tid. Hovudhuset, slik det står i dag, vart reist i 1891. I tillegg til gjestgiveri, har det mellom anna vore drive butikk, postopneri, telegrafstasjon, nothenge/barkeri, slipp/mekanisk verkstad, trelastlager og dampskipsekspedisjon.

Skjerjehamn.jpg

No er denne perla i privat eige og i dag finn du ulike overnattingstilbod, konferansefasilitetar, restaurant og båthamn med landhandel. Den årlege UTKANT-festivalen er blitt ein kjempesuksess, og vann i 2012 årets kulturidé. Vi har tatt ein prat med vertinne Nina Kirca på Skjerjehamn.

Nina fortel at lakseoppdrettar Ola Braanaas overtok Skjerjehamn i 2005. Bygningane stod då til forfall, og han brukte to år på å restaurere staden. I 2007 opna dørene for drift. Nina og Nihat Kirca overtok drifta i januar 2015, og det er no heilårsdrift på tredje året. Nina fortel at Skjerjehamn er ein populær stad for konferanser, bryllup og selskap. Her er og gjestehamn for småbåtar, med alt sanitært, vaskerom , dusj og ein liten butikk. Skjerjehamn samarbeider med andre verksemder i området som tilbyr fisketurar, fjordguide m.m. for å gje besøkande gode opplevingar.

-Høgsesongen er i perioden mai-september. Då har og hurtigbåten mellom Bergen og Ytre Sogn stopp i Skjerjehamn, og det gjer det enkelt å komma seg hit. Kundane kjem frå heile landet, fortel Nina. Korleis  marknadsfører du deg? –Vi er aktive på sosiale media som Facebook og Instagram, men den beste reklamen er fornøgde gjester! Skjerjehamn har blitt ein viktig arbeidsplass. Her er fem heilårstilsette, men sommarstid har vi langt fleire, opptil 20-40 stk etter behov, seier Nina.

Kva slags framtidsplanar har dykk for Skjerjehamn? -Me byggjer stein på stein. Først fekk me til heilårsdrift, og me har open restaurant kvar dag. Me har planar om å utvide kjøkkenet, og skal laga til ny uterestaurant, med sjøutsikt. Det vert og sauna og badstu.

Nina er veldig nøgd med at Skjerjehamn ikkje lenger berre er ein bestillingsstad, men har og blitt ein viktig stad for lokalbefolkninga. -Staden har skapt stoltheit og identitet i lokalsamfunnet, og er ein stad der folk møtes. Nyleg vart det arrangert nyttårsfest, og dette var så populært at det nok blir ein tradisjon, ler Nina.

Tips ein ven Skriv ut