Kjelstraumen Vertshus
Foto: Kjelstraumen Brygge

Februar - månadens premie

Vinnarbildet får middag for to på Kjelstraumen Vertshus i Austrheim verdi: 600,-

Kjelstraumen Brygge er eit av fleire historiske vertshus i Nordhordland. Her har det vore gjestgjevarstad sidan 1610, med kongeleg bevillingsbrev; ein del av det store nettverk av handels- og gjestgjevarstadar langs kysten. Kjelstraumen ligg idyllisk til i Austrheim sin vakre skjergard. Kjelstraumen har alltid vore ein viktig møteplass langs den indre skipsleia, og opp gjennom historia har det, forutan gjestgjevarstad, vore handelstad, tingstad, smed, post, stoggestad for dampbåten og skysstasjon her.

Kjem du til Kjelstraumen i dag finn du rom, leilegheiter, hytter og rorbuer til leige. Restauranten har ope kvar dag og du kan velje frå ein á la carte meny, eller «dagens middag». Mesteparten av året er det verksemder som leiger rom på Kjelstraumen, som oftast for lengre periodar i slengen. - Nokre ordnar seg mat sjølv, men dei fleste bur på halvpensjon og skal ha frukost og middag, så her er nok å ta seg til, seier Hege Ramsland som er dagleg leiar i Kjelstraumen. - I tillegg leverar vi ut om lag 1000 porsjonar med overtidsmat til verksemder på Mongstad kvar månad.

Men, i det lyse halvåret kjem båtfolket og feriereisande og det er yrande liv på kaia og i restauranten på Kjelstraumen. Gjestehamna er flittig besøkt og her finn dei båtreisande alt dei har trong for. Kort veg til butikken har dei og!Kjelstraumen 4.jpg

Lokalmat
I Kjelstraumen vil dei helst servere lokalmat. – Men det er ikkje så enkelt, forteljer Ramsland. - Regelverket for mat er slik at ein ikkje kan kjøpe fersk fisk frå fiskaren eller anguskjøt frå den lokale bonden. Dette jobbar vi for å endra.  Men, vi serverar god, tradisjonell mat: raspeballmiddagen på torsdagar er veldig populært!

- Den store draumen er å lage til eit stort lokalmat-utsal, med sal av lefser, flatbrød, syltetøy, oljer, fisk. Kjøt, brød – alt du kan tenkje deg og som vi kan få tak i. Kjelstraumen er ein perfekt stad for eit slikt utsal, her sit lange handelstradisjonar i veggane! Tenk så herleg for båtfolket å få kjøpe ferske brød og nybakte bollar kvar morgon!

- Det er gode vilkår for lokalmat no, folk ønskjer rein og naturleg mat – ikkje noko dill, dall!, seier Ramsland. - Vi kan sjå inn til Bergen der ‘Bondens marknad’ har blitt svært ettertrakta. Eg ser for meg, på sikt, å få til eit samarbeid med lokale produsentar der vi saman kan utvikle og produsere spesielle produkt som ein berre får kjøpt her i Kjelstraumen: t.d. gode pølser, eige øl osv.

- Kva er Kjelstraumen mest kjent for i dag, trur du?

- Det tenkjer eg må vere den gode maten vi serverar, svarer Ramsland. Vi får utruleg mykje skryt av den og mat er viktig for oss.
- Kva er du mest stolt av, då?

- Det er personalet her, utan tvil, kjem det kjapt. - Vi er ein liten stab, og vi må gjere alle oppgåver saman. Det hadde vore vanskeleg å få til dette utan dei som er så serviceinnstil