aheimedyrka 2a

Heimedyrka 2

No er det tid for å så!

Mai og juni er høgtid for å så frø, temperaturen stig i jorda og naturen rundt ein blømar. Ein treng ikkje kjøpe nytt når ein skal i gong med å så frø og dyrke sjølv. Bruk om att det du allereie har, og spar opp eigna forbruksemballasje som dorullar, melkekartongar og druebeger - i staden for å kaste.

Forkultivering inne
Gulrot passar fint i melkekartongar, dei kan du så inne, og så plantar du ut heile kartongen når plantane har komme godt opp, og det er varmare i været. Klipp av hjørna i kartongen når du sår, slik at dei får drenering, og ta bort botnen i kartongen når du plantar ut, slik at gulrota får vekse vidare nedover i jorda. Gulrot må ha laus og fin jord, slik at ikkje røtene møter motstand og deler seg i fleire spissar. Dorullhylser er fine til erter og bønner. Når ein plantar ut går den i oppløysing på same vis som torvpotter, og blir til jord. Druebeger fungerer som minidrivhus, og har ferdig drenering. Sett eit isbeger under så kan den stå i vinduskarmen til plantane skal ut i jorda.

aheimedyrka 2a.jpg

aheimedyrka 2b.jpg

Omplanting
Ull er ein berekraftig fiber som er supert å bruke i plantedyrking, både som drenering i botn på potter, som jordekke og i kompost.
Mange plantar må pottast om fleire gonger, som til dømes tomatar, agurk og paprika. Mange nyttar fiberduk i botnen på potter, for å drenere og unngår at jord renn ut ved vatning. Men dersom du har tilgang til skrapull, så er det eit betre alternativ. Då unngår ein å få mikroplast i jorda (fiberduken går etter kvart i oppløysing), planterøtene trivst godt og veks inn i ulla, som drenerer og frigir næring. Når ein pottar om tek ein med heile rotklompen med ull over i neste potte, med nytt ulllag i botnen. 

aheimedyrka 2c.jpg

aheimedyrka 2d.jpg

Dersom du ikkje har tilgang på ull sjølv, så høyr med ein sauebonde nær deg. Mykje ull vert rekna som lågverdiull (skitten, tova, pigmentert ull). Denne vert ofte kasta, då den ikkje blir betalt for. Men den kan i staden gjere god nytte for seg i kjøkkenhagen!

Ugras – kva no?
Mange slit med fleireårig ugras som til dømes Hanefot/Skvallerkål, eller ein har mynte som har spreidd seg dit ein ikkje vil. Eit råd er å dekke til jorda med fleire lag med avispapir og eller papp, og legge ny jord oppå som ein kan dyrke i. Velg då plantar som ikkje har så djupt rotsystem (salat, lauk eller liknande). Klarar ein å skygge ut ugraset i to sesongar, før pappen/avispapiret har gått i oppløysing, vil ein ofte vere kvitt problemet.

Artar som er fine å så i mai og juni
Salat, erter, gulrøter, vårlauk og reddik er fine å så ute i mai. Så agurk, gresskar, squash og mais inne eller i pallekarn med lokk. Så kålvekster, bønner og beter i juni.

Sjå gjerne og artikkelen Heimedyrka 1.

Lenkjer:

https://www.facebook.com/tveitengaard/

https://www.ngir.no/hushald#kompoststro

https://www.hageselskapet.no/lag-neslevann/

https://detgronneskafferi.com/

https://www.sarabackmo.se/

https://www.facebook.com/Bybonden-i-Bergen-1982162435415167/ 

https://www.facebook.com/lystgaarden/

Foto: Kjersti Isdal