Heimedyrka 1_Kjersti Isdal
Dyrking av gul kepalauk i pallekarm, med settelauk (som ein får kjøpt hjå hagesenter eller sår sjølv). Foto: Kjersti Isdal.

Heimedyrka

Ønskjer du tips til korleis du kan dyrke litt meir av maten din sjølv?

Interessa for å dyrke sin eigen mat har auka denne koronavåren. Vi har fått kjenne på kor viktig det er å vere meir sjølvforsynt med mat og det ein treng, og mange har fått meir tid til å ordne i hage og heim. I tillegg er heimedyrka mat kortreist, usprøyta, og gjev glede og meistring for den som held på med det. Ta med ungane i dyrkinga/haustinga, så får dei eit nærare forhold til maten dei et! Bruk dei ressursane du har rundt deg, det treng ikkje koste så mykje.

Dyrk smått eller stort

Ein treng ikkje store plassen for å dyrke litt av sin eigen mat, alt frå ein balkong til ein pallekarm kan nytte, og har du meir plass så er etablering av ein kjøkkenhage mogleg. Nyttevekstar kan vere like fine i ein hage som prydvekstar, og kvifor ikkje bytte ut hekken med bærbusker, eller plant erter, grønkål og ringblomster i blomsterbedet eller blomsterkrukka? Er du så heldig å bu på ein gard, så er det å lage ein potetåker ein fin måte å komme i gang på.

Kjøkkenhage

Pallekarmar med tilbehøyr får ein tak i overalt, dette har blitt ein svært populær og enkel måte å komme i gang med heimedyrking på. Lette sortar å starte med er til dømes erter, gulrøter, krydderurter, graslauk, mynte og grønkål. Mange sortar trivst i lag. Plantar du til dømes saman gulrot og purrelauk så nyttar dei plassen godt saman (gulrota veks nedover, purren i høgda) samstundes som purren heldt gulrotfluga vekke. Mynte er lett å få til å vekse, men bør avgrensast i ei potte eller ein eigen pallekarm, då den lett spreier seg. Enkelte sortar som grønkål, purre og jordskokk er vinterherdige, og ein kan hauste av dei heile året.

Heimedyrka pallekarm_Kjersti.JPG

Erter, bondebønner og mais i pallekarm, med gras som jorddekke og gjødsel. Foto: Kjersti Isdal.

Jord og kompostering

For å lukkast med dyrking må ein ha god jord. Denne kan ein kjøpe, eller lage sjølv. Jorda er rik på mikroorganismar, og tek ein vare på desse er sjansen stor for å lukkast med dyrking. Kompostering er ein god måte for å nytte mat- og hageavfall til å lage si eiga jord til grønsakdyrking. Ein kan og nytte tang, skrap-ull, lauv og grasklipp. Det finst mange løysingar; frå smått (bokashi, varmkompostdunk) til stort (rankekompostering). NGIR leiger gratis ut varmkompostbingar til alle husstandar på førespurnad. Dette er eit flott tilbod som fleire burde nytte seg av!

LFDM7631.JPGSkrap-ull er fin å nytte som jorddekke til rabarbra, den gir og næring til plantene. Foto: Kjersti Isdal.

Gjødsel og jorddekke

For å få mikroorganismane i jorda til å trivast, er det bra å tilføre organisk materiale (gjødsel) til jorda, og å dekke til jorda slik at denne ikkje ligg berr og tørkar ut. Gjødselvatn kan ein enkelt laga sjølv, som til dømes brenneslevatn, eller ved å løysa opp litt hønsegjødsel i vatn. Eit anna godt råd er å bruke grasklipp. Legg graset kring plantane, og fyll på i løpet av sommaren. Graset er både god gjødsel og eit godt jorddekke, som heldt jorda fuktig og hindrar ugras. Har du tilgang på skrap-ull kan dette og nyttast til jorddekke. Ulla inneheld mykje næring til plantane (proteinet i ulla).

Brennesle_Kjersti Isdal.JPGBrennesle kan nyttast til å lage gjødselvatn. Foto: Kjersti Isdal.

Inspirasjon

Det er og mange gode tips å finne hos Bybonden i Bergen og på Lystgården. Her kan ein og melde seg på enkle kurs for å komme i gang! Tveiten gard i Alver arrangerer kurs i kompostering. Det finst mange gode hagebloggar og grupper på Facebook der ein kan finne inspirasjon og tips, som til dømes Det grønne skafferi og Sara Backmo

Lenkjer:

https://www.facebook.com/tveitengaard/

https://www.ngir.no/hushald#kompoststro

https://www.hageselskapet.no/lag-neslevann/

https://detgronneskafferi.com/

https://www.sarabackmo.se/

https://www.facebook.com/Bybonden-i-Bergen-1982162435415167/ 

https://www.facebook.com/lystgaarden/