Mai - månadens premie

Vinnarbilde får gåvekort til verdi av kr 500,- hjå Mobryggja i Modalen!

 «Lev livet levande» er slagordet til Mobryggja, som ligg idyllisk til inst i fjorden i Modalen. Her er moglegheitene mange: mat og drikke i restauranten, overnatting i koselege leilegheiter, ulike lokalar til kurs og arrangement, kunstgalleri og eiga butikk med vakre kolleksjonar frå Island og Thailand!

– Ei lita perleMobryggja1.jpg

Ekteparet frå Island, Egill, Cuisine Chef, og Gudbjørg, Dekoratør, er drivkreftane i bedrifta. – Dette er vår 8. sesong, sidan vi starta opp 1. mai 2009, seier Gudbjørg og fortel vidare: - Vi hadde jobba mange år i restaurantbransjen i Island og dreiv blant anna ei liknande restaurant ca. ein time utanfor Reykjavik. 7 års kontrakten vi hadde der var akkurat slutt, då vi såg annonsa i eit blad. Vi vart inviterte til Modalen for å sjå. Vi tenkte at når vi hadde fått det til der, så kvifor ikkje her?, spør Gudbjørg og ler hjarteleg.

Og det har dei fått til. Ikkje lenge etter at dei kom, var drifta i gong, og sidan har den utvikla seg jamt. – Folk har tatt i mot oss og gjort dette til ei god oppleving. Å komme hit til Modalen var utroleg gøy! Det er ei lita perle, fortel Gudbjørg.
 

Oppussing og utbetringMobryggja.jpg

Nyleg har det vore oppussing og utbetring av både leilegheitene, kai og fasilitetar. – Vi har no 17 nyoppussa leilegheiter som er store og romslege, seier Gudbjørg. Fleire har utsikt over fjorden, som ein også kan nyte frå uteserveringa. Restauranten er eit fint sted å møtes for dei som bur her, i tillegg til dei tilreisande. Kai-anlegget er også oppgradert med betra fasilitetar.

- Tilbodet vårt utviklar seg stadig, og mykje er på grunn av godt samarbeid og god hjelp frå folk her, fortel Gudbjørg. Båthamna har opp til 60 gjesteplassar, drivstoff og dusj, og er svært populær i sommarmånadene. – Det er så vakkert, godt og spesielt å vere her, seier Gudbjørg og peikar på at ho trur at dei som kjem hit er ute etter opplevinga av naturen; høge fjell, fjord og flotte turstiar like ved.
 

God mat, vakre bildar og heimstadkjensleMobryggja3.jpg

Det er opplevingane Gudbjørg trekkjer fram som det beste ved Mobryggja. – Her kan ein spise god mat, drikke kaffi, vere ute på kaien, lese bøker, nyte kunst i galleriet, ta ein tur i butikken og overnatte. Ikkje minst er det mange moglegheiter i nærmiljø, både bryggjeslottet med basseng og bowling, sjøen og turstiane. All maten i restauranten er laga frå bunnen av. - Vi er opptatt av kvalitet!

Gudbjørg fortel at det er viktig for dei at folk føler seg heime og kan slappe av. – Å ha godt humør, vere glade og hjelpe gjestane så godt vi kan, er viktig for oss. At gjestane vert tatt godt imot gjer dei glade og fornøyde, og det gir oss mykje tilbake og vert ein drivkraft. – Dette er ein livstil, det å leve slik som vi gjer. Når andre har fri, jobbar vi, og vi har fri når andre jobbar. Vi har alltid jobba saman, seier Gudbjørg.
 

Islands særpreg og design frå Thailand

Butikken på Mobryggja har eit særpreg: – Folk var interesserte i det islandske, som er synleg i alt vi gjer. Å selje islandske varer som ull vart naturleg. Etter kvart blei det og moglegheit for å handle Thailandske vesker og design i butikken, etter å ha blitt inspirert på reiser dit. – Eg trur folk forbinder Mobryggja med islendingane som driver restauranten, ler Gudbjørg, - vi vert jo sjela til staden på ein måte. Vi får høre at maten er god, at folk føler seg velkomne og Mobryggja4.jpgvi ønskjer å vere synlege for gjestane. Det betyr mykje å snakke med dei og ønskje dei velkomne og god tur heimatt.

Eit særpreg er kanskje særleg kunsten og kunstutstillingane dei har. Gudbjørg fortel at både ektemannen og ho sjølv alltid har vore opptatt av kunst. – Sidan vi vart i lag, har vi samla kunst, og dette tok vi med oss frå Island.
Både i juli og august vert det kunstutstilling: først av ei lokal kunstnar frå Nordhordland, og deretter ei frå Island.
 

Besøkande til turopplevingar, middag og fest

Gjestane kjem frå alle kantar av landet og frå andre land i verda, og varierer ofte litt etter årstid. – Akkurat no er det grupper av pensjonistar som kjem hit på tur. Elles er det mange som kjem på kjøretur og tek dette som eit stopp på rundturen frå den gamle til den nye vegen, fortel Gudbjørg. – Vegane her er gamle og sjarmerande, omgitt av storslått natur. Turstiane i området lokkar også mange til å avslutte dagen på Mobryggja. Og ikkje minst er her båtfolk som kjem inn gjennom den smale fjorden for å spise og hygge seg langs kaien. Fleire vert etter kvart stamgjestar.

Ofte er det storfamilietreff som konfirmasjonar og bryllaup her. Med konferanse- og selskapsrom som rommar alt frå 10 – 100 personar, er moglegheitene mange. – Om hausten og vinteren er det mykje kurs og konferansar her. Elles arrangeras det ulike Mobryggja5.jpgarrangement her som pubquiz og andre sosiale happenings, i tillegg til utstillingar i galleriet.
Allereie førstkommande helg kan Gudbjørg fortelje at det vert storslagen feiring: – I årets pinsehelg vert det storfest på kaien for alle som ønskjer å komme. Då feirar vi oppussinga og viser fram kor dyktige vi er her inne med kaffi, kaker, canabèr og champagne!
 

Planane framover – Med stor tro på staden

Når det vert spurt om kva ho er mest nøgd med, er ikkje Gudbjørg i tvil: - Bedrifta veks kvart år, vert stadig større og viser nye resultat. Kvar dag er spanande og ein veit aldri heilt kor mange som kjem – vert det 50 eller 150 gjestar i dag, mon tru?, spør Gudbjørg seg og ler. – Dette er sjølvsagt avhengig av været. Mest av alt er vi svært takknemlege for samarbeidet og den mottakinga vi fekk då vi kom hit. Planane er å fortsette med alt det nye som no er på plass og få på plass ny avtale med kommunen. Målet er å tilby noko som kan medverke til oppbygginga av bygda og attraktiviteten til staden.
Gudbjørg ler hjarteleg og fortel: - Vi har mange tankar og gode idear, og svært stor tro på staden; den er som ei lita perle!

Mobryggja Gudbjørg.jpg

Les meir om opningstider og kontaktinfo på www.mobryggja.no.
Alle bilda er tatt av fotograf Osp Egils photography.

Les meir om fotokonkurransen her!