Mars - månadens premie

Vinnarbildet får gåvekort på Pernillekafeen på Fedje!

Pernillekafeen på Fedje ligg berre nokre få skritt frå ferjekaia. Bak disken finn du Hege Henne Aga, alltid like blid og tilstade for gjestane sine. På kjøkenet står mannen, Freddy Aga, og kokkelerar med gode råvarer og ei brennande interesse for god, skikkeleg mat.

Huset der Pernillekafeen held til vart bygd av Herthelius i 1924. Han gifta seg med Pernille og dei starta kolonial i huset. Familien vaks, dei fekk 4 born. Pernille stelte heime og dreiv butikken medan Herthelius var fiskar. Ei dotter tok over butikken og dreiv den vidare. I 1986 vart huset seld, og sidan den tid har det vore ulike eigarar. Hege og Freddy starta opp Nye Pernillekafe 21. mars 2015, så denne månaden feirar dei ett års drift.

- Det er eit år som har gått som ein vind kan Hege fortelje – men så fantastisk gøy og gjivande. Vi har fått starten vi drøymde om og er berre så takksame for det.

 

Kven er den typiske gjesten her? - Det er hyttefolk og dagsturistar som gjev oss grunnlaget for å kunne drive kafeen. Eg er heilt imponert over kor mange som kjem med ferja, går tur i Nordsjøløypa og så kjem innom her for å ete god mat. Eg hadde aldri trudd at det ville vere så mange. I fjor sommar var jo ikkje veret så bra, så eg tenkte med meg at her er det mange som er på hytta med svigermor og treng luft og stoveforandring seier Hege og ler hjarteleg. Vi har og fått god mottaking blant Fedjefolket og dei er veldig positive til kafeen vår. Men tradisjon for å gå på kafe her ute er ikkje etablert enno, så vi ønskjer oss meir besøk av dei og det trur vi kjem etter kvart.Pernillekafeen 1.jpg

I førre veke tok nokre av pleiarane med seg bebuarar på eldreheimen hit for kaffe og kake. Det var utruleg kjekt. Dei storkoste seg og skrytte av maten og staden. Sånt er veldig kjekt å høyre. Vi har og tilbod om å hente ‘takeawaypizza’ her og det er det fleire som nyttar seg av.

 

For å heile tiden ha noko nytt og tilby gjestane legg Hege og Freddy stor vekt på å vere kreative og lage til kjekke arrangement kombinert med god mat. Her har vore boklansering, ulike aktivietetstilbod, konsert og i samband med et-års jubileet skal dei mellom anna ha gatekunstutstilling.

 

Korleis er det å drive kafe på Fedje og få tak i råvarene de treng?

- Det er klart at det er ikkje berre for oss å fa tak i ting på kort varsel. Vi må vere flinke til å langtidsplanlegge. Vi har ein liten, men god meny der Freddy legg vekt på at råvarer vert brukt i fleire kombinasjonar. Det gjer at vi ikkje ha svinn på mat og det er viktig om vi skal drive god og lønsam kafe. Elles tek vi inn råvarar etter sesong og det gjev ein fin variasjon i tilbodet vårt.Pernillekafeen 3.jpg

 

Vi nytter oss av lokale matprodusentar på det vi kan og om vi finn at dei har god kvalitet. Vi kan gjerne ønskje oss meir av det, men det er ikkje alltid like lett å finne dei.

 

Eg har jo og laga meg ein liten krok i kafeen med utsal av ulike varer. Då leitar eg gjerne opp nisjeprodukt og ting som eg tenkjer at folk vil like å kjøpe når dei er her på Fedje. Her vert eg utruleg glad om produsentar i Nordhordland vil ta kontakt, så kan eg gjerne selje varene deira her på Fedje.

 

No har du og Freddy drive her i eit år, kva er du mest stolt av?

- Det trur eg må vere heile konseptet vårt. At vi får til å kombinere gode opplevingar til folk, gje dei god mat og at vi gjev dei god service. Vi pratar med alle og ser alle, sjølv om det kan vere hektisk tek vi oss alltid tid til det. Vi får så utruleg gode tilbakemeldingar frå gjestane våre, så noko må vi gjere rett!

Kva er fortrinnet til Pernillekafeen?

- At den ligg her på Fedje! Fedje er eit merkenamn og Fedje blomstrar! No skjer det så mykje spennande framover på mange ulike hald. Folket er positive og kjekke. Det som driv meg er alle desse menneska som gjer meg ein fantastisk kvardag.

 

Kva er framtidsplanane?

- Å, dei skal eg ikkje røpe til deg,kjem det spontant!

Men dei er mange, Fedje er ein kommande marknad og vi har tusen idear! Draumen er at vi på sikt skal kunne tilsette fleire her i kafeen og skape arbeidsplassar. No jobbar vi begge masse og legg ned all vår tid her. Freddy har full jobb ved sida av at han er kokk her 4 dagar i veka.

Det må jo vere beintøft? - Jau, men  han er jo verdas heldigaste som kan få gjere det!

Pernillekafeen 4.jpg