November - Månadens premie er frå Troppå Gard!

Fotografen av vinnarbildet får gode kjøtprodukt frå lukkelege lam på Holsnøy!

Dei hadde lagt den over tolv år lange draumen om gardsliv på is. Dei fann aldri den rette garden. Huset i Bergen fekk ei totalrenovering og dei slo seg til ro. Det var sjølvsagt akkurat då, ved frukostbordet ein søndag morgon, dei såg salsannonsa for garden i Meland. Dei tok turen som ein søndagsutflukt, berre for å sjå. Då dei kom køyrande og så Troppå Gard, var dei alle samde: Her vil vi bu!

- Vi hadde heilt klare kriterier for garden vi ville kjøpe, fortel Wenche Pettersen. -Vi var ikkje interessert i eit hobbybruk. Skulle vi ha gard, måtte den vere eigna til skikkeleg gardsdrift, vi ville ha nok areal og mykje sol. På den måten var det ikkje berre enkelt å finne den rette garden då vi leita dei tolv åra, og om vi fann den, så vart den ofte selt til lang over landbrukstakst. Men Troppå gard var den rette for oss. I dag er det Wenche som driv garden på heiltid, men mannen, Arne Pettersen, står på og er med i driften kvar ettermiddag og i helgane. I tillegg er dei to gutane deira flinke til å hjelpe til når det er trong for det.

troppå gard 4.jpg

Dei hadde ikkje på førehand bestemt seg for kva drift dei ville satse på. –Frå gammelt av hadde det vært både høns, melke og bringebærproduksjon på garden. Vi tok utgangspunkt i dette og fann ut at eggproduksjon var det som vart riktig for oss. Då tok vi kontakt med Nortura og Felleskjøpet for råd og støtte. Felleskjøpet tok oss med på ein studietur der vi fekk besøke ein del eggprodusentar. Dette vart særs lærerikt for oss, vi såg ei fin næring og møtte så mange velvillige og imøtekomande bønder.
Med finansiering frå Innovasjon Norge bygde vi hønsefjøset.

Bygget er på 700 m2, stod ferdig i 2013 med plass til 7500 høns. Hønene produserer i snitt 7000 egg for dagen.

 

Etter kvart fann vi ut at vi også ville drive med sauerasen Gamalnorsk Spælsau for kjøtproduksjon. Då tok vi til med ein ny runde med Innovasjon Norge og fekk midlar til å byggje eit skikkeleg sauefjøs. Det stod ferdig i 2015. Fjøset er 300m2 og fjøsen har plass til 200 vinterfora sauer. I gjennomsnitt får denne sauerasen to lam kvar.

 

Vi er veldig interessert i matproduksjon og vi fekk midlar til å jobbe for å finne ut korleis vi best mogleg skulle få til foredling av råvarene våre heime på garden. No har vi på plass eit lokale, godkjent av mattilsynet, der vi kan vidareforedle gode produkt av sauekjøtet som pinnekjøt og fenalår, bog og lammelår. Vi sel berre kjøt frå eigne dyr.

PTroppå gard 1.pngå Troppå har dei også opna ein gardsbutikk der dei sel varene sine; egg og lammekjøt, 24 timer i døgnet.

Kven er kundane dine? – Vi sel først og fremst til den private marknaden. I tillegg har Bakst og Brygghuset i Åsane,Matkroken i Knarvik og på Fedje produkta våre, samt nokre restaurantar. Eg treng ikkje bruke mykje kronar på marknadsføring, eg brukar mest meg sjølv, ved å vere imøtekomande og snakke med folk. I butikken kan folk registrere telefonnummeret sitt, om dei vil får oppdatert informasjon om ting som skjer på garden. Dette er det mange som har nytta, så Wenche kan sende ut ein sms, når det er tid for å bestille pinnekjøt, eller andre varer er klare i butikken.

- Det er tydeleg at ordet går, for her kjem det stadig folk, seier Wenche. – Og det kjekke er at folk vert så glade når dei kjem. Det er jo så mange positive menneske! I tillegg har eg eit inntrykk av at kundane våre er bevisste på god mat, at dei er opptekne av landbruk og skjønnar kor viktig landbruk er for landet vårt – og det synes eg er så bra!

 

KTroppå gard 2.pngva vil du seie kjenneteiknar drifta på Troppå? – Vi har dyrehelse i fokus, og setjar det høgst. Dyra på Troppå skal ha det godt så lenge dei lever her. Vi setjar også openheit høgt, og ønskjer at dei som vil kan sjå kome hit og sjå drifta vår. I hønsefjøset er det ikkje mogleg på grunn av strenge reglar, men sauefjøset vårt er eit visningsfjøs, og det er veldig kjekt å kunne vise fram drifta vår.

 

Kva er det som driv deg? – Det å få lov til å skape noko er viktig for meg, det vert ei sjølvrealisering. Og så har eg så sterk tru på landbruket. I tillegg er det så kjekt at vi er blitt tekne så god i mot i bygda. Eg må og få lov til å skryte av Meland Kommune som eg synes gjer mykje for at ting ikkje skal vere vanskeleg. Hjå dei stoppar ikkje saker opp om eit skjema har ein feil, då tek dei heller ein telefon til meg og så får vi ordna opp på ein enkel måte. Jordbrukssjefen, Laila Bjørge, er heilt unik – det må du skrive! Ho er ein viktig samtalepartnar og rådgjevar og gjer langt ut over det ein kan forvente! Ho er ei dame full av kunnskap, strekk seg langt, er rettferdig og heldt seg til regelverket. Det er kjekt å drive med gard når ein møter så mykje positivitet rundt seg, meiner Wenche.

 

Kva framtidsplanar har du? Først og fremst skal vi halde fokus på god drift. Så skal vi bruke vinteren til å jobbe meir med videreforedling av egg, så kanskje vert det produksjon og sal av karamellpudding, eggesalat, ferdige rører til vaflar, pannekakar osv. Det er viktig for oss at vi heldt fokus på drift og så får foredlinga kome til etterkvart. Vi vil utvikle oss litt etter litt.troppå gard 6.jpg

 

Heilt til slutt Wenche: Kva er du mest stolt av? – Eg er berre så utruleg stolt og glad for at Arne, ungane og eg kjøpte garden og følgde draumen vår, smiler Wenche!