Oktober - Månadens premie er gåvekort frå Fjordslottet Hotell!

Vinn overnatting for to personar inkl. frukost til ein verdi av 1095,-!

Innerst i Fotlandsvågen på Noregs største innlandsøy ligg Fjordslottet Hotell med sitt unike særpreg og nasjonalromantiske glød. Vertskapet og eigarane Ann og Christian Bolstad ønskjer å tilby det aller beste til sine gjestar.

banner01.jpg91.jpg

Det arkitektteikna huset vart bygga i 1851og fungerte som herskapshus for den bergenske kjøpmannen Carl Joachim Hambro. For Christian Bolstad starta eventyret på Fjordslottet Hotell for over ti år sidan. Då det herskaplege bygget på Osterøy var til sals i 2007, kjøpte Christian hotellet. – Huset var i privat eige fram til 1997. Då vart det restaurert og satt i stand til bruk som motell, men det mangla stabilitet i drifta. Vi har hatt stor fokus på å utvikle eit utsikt-150x150.jpgmeir stabilt tilbod, fortel Christian. Saman har vertskapet klart å halde ei jamn og god stigning i drifta. I dag rommar Fjordslottet 40 rom og er ein populær stad for bryllaup, firmatreff og fest. – Vi har satsa på å skape eit produkt som skil seg litt ut i marknaden. Huset er heilt unikt og ligg på ein flott plass, og vi kan tilby eit godt og særeige tilbod, seier Christian og legg til at gjestane er svært nøgde og gjerne kjem igjen.


Norsk mat på bordet

unspecifiedZVUT7THV.jpgHos Fjordslottet Hotell er maten i sentrum. – For oss er det viktig at ein set igjen med ei god oppleving etter opphaldet. Vi har valt å ha ekstra fokus på mat, og ynskjer å tilby norsk mat av topp kvalitet med gode råvarer. Dette opplever vi at gjestane set pris påunspecifiedVR8O1YLH.jpg, fortel Christian. Kjøkkenet tilpassar menyane til sesongen, og skreddarsyr gjerne menyen saman med kunden til dei ulike arrangementa. - Hos oss skal ein få servert gode porsjoner med nydeleg norsk mat. Fiskerettane våre er vi særleg kjente for, og fisken skal helst vere fiska her. Vi synes det er spennande og inspirerande med lokale produkt og mattradisjonar, og framover vil vi ha meir fokus på dette.


Frå teambuilding til bryllaup

unspecifiedTU2SYYOG.jpgNoko av det som karakteriserer Fjordslottet Hotell i dag, er moglegheitene staden byr på og den breidda i tilbodet ein har der. – Vi kan tilby mange ulike aktivitetar. Vi tilrettelegg gjerne og tilpassar programmet til gruppene sine ynskjer, og det får vi svært gode tilbakemeldingar på. Vi har mykje kurs og teambuilding både i og utanfor høgsesongen, forklarar Christian engasjert. Han fortel at dei siste åra har arrangement knytt til bryllaup blitt meir aktuelt og ofte vert heile hotellet leigd ut til større bryllaup. - Denne moglegheita har ein gjerne ikkje andre plasser, så dette gjer oss unike. Dei fleste besøkande kjem frå Hordaland, men også folk frå nord, sør og øst i landet finner vegen hit. Eit år hadde vi eit par frå USA som ønskja å gifte seg hos oss. unspecifiedBXZTVSAO.jpgDå arrangerte vi bryllaup i ekte nasjonalromantisk stil, med både fele og bryllaupsbunad!


Ti år med jamn vekst

Om det er noko Ann og Chrstian er særleg stolte over, er det den jamne og stabile veksten dei har fått til i ein elles ustabil marknad. På under ti år har dei mellom anna auka frå tre til sju og nærare tjue tilsette i høgsesongane. – Vi har stått i mange stormar og likevel klart å snu det negative til det positive. Vi har både investert, auka bemanninga og klart å skape eit namn midt i finanskrisa og ustabile prognosar. Vi er stolt over å kunne tilby eit godt produkt, og gleder oss til å realisere spennande planar i framtida, fortel Christian.fjordtur3-150x150.png

Aller først er det julebordsesongen som står for tur. – I år arrangerer vi familiejulebord 13. og 27. november. Her må ein må forhandsbestille bord, så det gjeldt å vere raskt ute, seier Christian, og ønskjer både gamle og nye fjes velkomne til Fjordslottet Hotell.


For booking og meir informasjon, gå inn på nettsida her:  http://www.fjordslottet.no/

Lik Fjordslottet Hotell på Facebook her: https://www.facebook.com/FjordslottetHotell/?fref=ts

*Les meir om fotokonkurransen her!