September - Månadens premie

Gåvekort frå Stordalen Fjellstove til vinnaren!

Høgt til fjells, i eit mektig landskap ligg Stordalen Fjellstove. Her kjem du til ei heimekosleg og varm fjellstove som ligg flott til ved Stordalsvatnet. Vertskapet kan by deg på skikkeleg mat og ei god seng. Og utanfor er det uendelege fjellvidder der du kan gå på merka stier med historisk sus.

Det er lange tradisjonar og sterk historie knytt til Stordalen fjellstove. I 1932 starta turlaget merking av løype frå Romarheim til Bjordal. Då løypa vart tatt i bruk kom raskt behovet for overnatting langs ruta. På Stordalen Gard bestemte dei seg for å gjere delar av hovudhuset om til overnatting for turgåarane. Dei siste månadene av 2. verdskrig tok den norske styrken, BjørnWest, i bruk fjellstova som sitt hovudkvarter. Styrken kom i dramatiske trefningar med tyskarane i fjellet. Tyskarane brant ned fjellstova etter dette. Fjellstova vart bygd opp igjen, omtrent slik som ho er i dag, og stod ferdig i 1949.

God standard og lyse, trivelege lokalarStordalen fjellstove inne_200x132.jpg
I dag er fjellstova eigd av 6 engasjerte, lokale eigarar. Til driften har dei tilsett Kristina og Rebekka Myrseth som delar vertskapsrolla og har vaktskifte ei veke av og ei veke på. Ei ordning som dei er særs nøgd med kan Kristina fortelje.

- Det er veldig triveleg å arbeide til fjells i så flotte omgjevander både ute og her inne. I fjor bygde vi på, og fekk større spisesal og eit godt og lyst møtelokale i kjellaren. Vi har 80 sengar fordelt på 34 rom. Alle romma har bad – så det er verkeleg god standard her på fjellstova! Vi har no mykje betre kapasitet både til verksemder og til selskap eller slutta lag.

Stordalen heile åretStordalen fjellstove ski_200x113.jpg
- For oss har det mykje å seie at vegen opp hit er utbetra og er heilårsopen. Då legg vi sjølvsagt til rette for at gjestane våre skal få gode opplevingar til fjells til alle årstider. Her kjem folk og feirar åremålsdagar, har slektstreff og vi er eit populært stopp for bussturar. Om sommaren har vi svært mykje drop-in gjestar i spisesalen. Dessutan er det eit fantastisk godt hyttemiljø her i Stordalen og vi synes det er kjekt å vere eit samlingspunkt for dei, forteljer Kristina og røpar at både søndagsbuffeten og laurdagsdans er populært blant hyttefolket.

Breitt aktivitetstilbodStordalen fjellstove Kringlebotn_130x236.jpg
Det siste året har vi hatt fleire verksemder som har lagt møta sine til fjells. Då er vi så heldige å samarbeide tett med Berg Fritid v/ Arne Berg som også er har ei lita deltidsstilling på fjellstova. - Møterom finst overalt seier Arne Berg, men vårt møterom er plassert midt i eit eldorado av friluftsmoglegheiter. Vi kan leggje til rette for gode, morosame og uformelle aktivitetar, som td. ‘mestrenes mester’ fiske, leirdueskyting, friluftsquiz, eller fine, guida turar med kaffekoking på bål. Med alt det som finst rundt her, kan vi skreddarsy eit opplegg til kvar enkelt. Det brukar å bli god stemning, ler Arne.

Mat laga med kjærleik
- Vi har verkeleg satsa på å gje fjellstova eit skikkeleg matløft. No serverar vi mat laga frå botnen av. Du veit slik som besteforeldrene våre laga; skikkeleg kjøttkakar, sosekjøtt eller gode steikar – med masse kjærleik i gryta, smiler Kristina. Akkurat no held vi på med å leggje til rette for eit betre grovkjøkken for å kunne tilby gjestane våre ein ‘a la carte meny’. Det ser vi fram til og trur at det vil bli tatt godt i mot..

Vi brukar gode, lokale råvarer som t.d. aure, kveite, laks og hjort. Men det er ikkje alltid enkelt å ha oversikt over produsentane som finst i Nordhordland, så her er vi alltid opne for nye.

- Kva er du mest stolt av, spør vi. – Det må vere både plassen her, omgjevnadene våre og maten. Skikkeleg, heimelaga husmannskost høyrer til her på fjellet og som kokk er eg vel mest oppteken av det og må innrømme at eg er veldig stolt av det vi serverar her, avsluttar Kristina.

Stordalen fjellstove Høst-støvvel_200x113.jpgSå no, alle strilar, er det berre å ta turen til fjells for å oppleve hausten og Stordalen fjellstove. For det er jo berre ein av alle fordelane med å bu i Nordhordland: På null komma svisj frå hav til fjell!

Stordalen Fjellstove si heimeside: www.stordalenfjellstove.no og på facebook

Les meir om fotokonkurransen her